Åpen Dag i Rindal
Ny songbok og reklame for Komp
Under torsdagens samling for rindalspensjonistane vart ei ny songbok som er utgjeven av Pensjonistforbundet presentert og overrakt Rindal Helsesenter.
Grete Ranes Heggem tok imot eit eksemplar av dei nye songbøkene som blir plassert på Eldresentret.
Ole Trygve Foseide, som er velferdsteknologiambassadør i Rindal Pensjonistlag, og Åge Jonli , som er vaktmester og hjelpemiddeltekniker i kommunen, hadde ein samtale med hjelp av Komp. Åge var i arbeid på Øvre Rindal barnehage.
Det skulle forestille ein samtale mellom bestefar heime i gyngestolen og son ute i arbeid.
Dei ønska å vise korleis familien kan bruke Komp for å halde kontakt med dei eldste i familien. Med mobiltelefon kan familiemedlemmer sende bilde til Kompen og dei kan ringe den opp og ha videosamtale.
Det er alt fleire eldre i Rindal som har skaffa seg Komp. Dersom du har lyst til å prøve Komp før du kjøper, så kan du kontakte Åge Jonli for utlån av Komp.