Annonse:

Invitasjon til konsert og foredrag!
Rindal Næringsforum har gleden av å få besøk av spelmennene Øystein Rudi og «vår egen» Ronny Kjøsen i Rindals storstue Torshall 3.april kl 1930! Arrangementet er åpent for alle.
Litt om hva vi kan vente oss:
Torsdag 3. april får Torshall storfint besøk av spellemennene Øystein Rudi frå Sør-Fron (fele) og Ronny Kjøsen (mange instrument, mest trekkspel, men han trakterer i tillegg både gitar og klaverinstrumenter som piano og trøorgel).
Øystein Rudi har fire spellemannpriser i klassen folkemusikk og han har vunne Landskappleiken tre gonger. Ronny Kjøsen er vel kjent som ein skatta og framifrå forteljar, multikunstnar, komponist, arrangør og allsidig musikar. Ronny har sitt eige studio i «Kultursmia» i Kjøsagrenda på Hølonda og brenn spesielt for folkemusikken i Trøndelag og er plateaktuell med “Trø, Ingeborg, trø!”, ei hyllest til trøorgelspellaren Ingeborg Almås (1912-2006) frå Selbu.
Kona til Ronny, den eminente songaren Marit Løfaldli, vil synge til ein del av melodiane. Det blir ein kveld med musikk, song og forteljing om korleis kultur, song og musikk kan bidra til bygdeutvikling.
Øystein Rudi er kjent som eigar og drivar av Rudi kulturgard saman med kona Nina. Som vertskap på Rudi Gard har dei mottatt Oppland fylkes kulturpris, kulturprisen i Sør-Fron, kulturprisen for Gudbrandsdalen, Bygdeturismeprisen og Storegutprisen.
Øystein vil fortelje om korleis Gudbrandsdalen har vorte utvikla til eit skatta reisemål for dei som vil oppleva musikk og teater, lokal mat og tradisjonell byggeskikk i eit ikonisk kulturlandskap. I prosjekt som «Låvende saker», «Gardmillom», den nyskapande folkemusikkgruppa «Kvarts», som styremedlem i Peer Gynt AS og som direktør for Gudbrandsdalsmusea (2019-2024) har Øystein Rudi vore med og utvikla samarbeidet rundt Gudbrandsdalens satsing på kultur og reiseliv frå åra før OL på Lillehammer og fram til den høge status opplevingsnæringane har i Gudbrands gamle dal i dag.
Spørsmål som blir sett under debatt er:
- Korleis søkje gammalt for å skape nytt?
- Kvifor må noko forandrast, dersom ikkje alt skal forandrast.
- Korleis dra i lag og gjera kvarandre gode?