Etter velkomstord frå arrangøren Kor Gøttj, Bjørn Børset, opna Blæst'n konserten med When you wish upon a star. Dei følgde opp med Rotmos Vårres jul der Kor Gøttj tok stilig oppstilling og supplerte korpset med song.Foto: Ole Trygve Foseide
Blæst'n og Kor GøttjFoto: Ole Trygve Foseide
Kor Gøttj med dirigent Dagrun Løset framførte Nå kommer jula hit og DDEs Et ord vart lys, med Bettina Røen Helgetun som solist.Foto: Ole Trygve Foseide
Kine Leona Stokke-Stenersen song julesongane En stjerne skinner i natt og Nordnorsk julesalme for oss akkompagnert av Dagrun Løset.Foto: Ole Trygve Foseide
Strålande song!Foto: Ole Trygve Foseide
Ida Storholt song Når snøen smelter og Nå tennes tusen julelys. Akkompagnementet på playback svikta under den eine songen, men Ida fullførte utan å la seg forstyrre av det. Godt gjort!Foto: Ole Trygve Foseide
Godt å høre dei mjuke tonane frå althornet til Lene Steinshamn Fredriksen igjen. I lag med tonane kantor Bjørn Kleivenes Vevang lokka fram frå flygelet framførte ho Mitt hjerte slltid vanker og Pie Jesu (Andrew Lloyd Webber).Foto: Ole Trygve Foseide
Tordenskjold Songlag med Elin Persson som dirigent gledde oss med Tenn lys av Tveit og Skeie, og så med det mest eksotiske innslaget, Carol of the Bells, Ukrainas mest kjente julesong, som dei tileigna alle våre nye sambygdingar. Det vart mottatt med applaus frå forsamlinga. Klokkeklangen kom godt fram!Foto: Ole Trygve Foseide
Sokneprest Lene Gåsvatn hadde andakt.Foto: Ole Trygve Foseide
Tankane
sokneprest Lene Gåsvatn delte desse tankane med oss:
Dette er
refleksjonar som – fint sagt – kom til meg då me øvde på nummeret Kor Gøttj
song i lag med Blæst’n. Og av alle, er det Hans Rotmo som inspirerer meg til
det eg no skal seia:
Sjølv eg har
såpass til forstand at eg forstår kvifor han vart så populær. Fordi: Om han
ikkje akkurat skriv til oss, så skriv han om folk me kjenner svært godt.
For
eksempel kjenner både Hans Rotmo og eg folk som må ha det rundvaska til jul.
Kvar enn dei måtte ta energien ifrå.
Og i
likheit med mora til Hans Rotmo vil eg gjerne ta fram både engla, stall og raud
girlander.
Om me
ikkje likar å omgje oss med pyntegjenstandar til vanleg, så gjer det seg svært
godt med jula.
Annonse
Vesle
Hans Rotmo var med og kleiv opp ferr å sjå ka som var inni den
julestjerna som brann som hu ha brinni.
Herleg! Der
har du bror min. Han som alltid skulle finne ut av ting og forske på korleis
det hang saman. Heldigvis hadde han respekt for straum etter å ha lært på den
ubehagelege måten.
Vesle Rotmo
klatrar opp for å sjå kva som er inni den lysande julestjerna. Det kunne
gjerne bror min også gjort. Og mange andre.
Soknepresten illustrerer andakten.Foto: Ole Trygve Foseide
Kva finn
med der? Truleg noko så kjedeleg som ein lampehaldar med pære. Faktisk så
trivielt og lite pent at det er greitt å kamuflere heile greia med ei glitrande
stjerne som lyset kan skine igjennom.
Kva
som er inni?
Eit
herleg spørsmål som driv verda framover. Og kanskje også innover.
Me tek
det med oss – ikkje berre når me nysgjerrige og forventningsfulle skal pakke
opp gåvene som måtte liggja under treet, men også til alt dette som fyller vårres
jul med forventning og press, tradisjon og kommersialitet i meir eller
mindre skjønn foreining:
Annonse
Kva er
det som ligg inni, under og bak alt i hop?
Eit nyfødt, lite barn. Sveipt og lagt i ei krubbe fordi det ikkje var plass for dei i
herberget.
Visstnok
skulle han vere både frelsar og glede for alt folket. Visstnok skulle han vera –
ikkje berre vårres jul, men også vårres frelsar og vårres
glede.
Han er
det som er inni jula – og julas djupaste meining. Merk presensforma: Han er!
Han er
eit mysterium det er vel verd å bruke både tid og energi på å forske på og
finne ut av.
Lukke
til!
Håkon Glærum Svanem overraska med ei mjuk og leikande tolking av Debussy sin Claire de Lune så vi såg for oss streif av måneskinn bak skyene ute.Foto: Ole Trygve Foseide
Brassbandet Edelweiss Brass tok oss med til Alpane med klangen sin, sjøl om fjella mangla inne i kirka. Dei framførte Himlen i min favn av Häggkvist og Hillestad, og Away in Manger av Kirkpatric. Vi noterer at dei kvite skjortene sto i stil til namnet.Foto: Ole Trygve Foseide
Songkoret Tormod framførte første nummeret sitt med mennene i kordøra, damene langs begge veggene og flygel med dirigent i midtgangen. Originalt, men fint lydbilde.Foto: Ole Trygve Foseide
Songkoret Tormod med kantor Bjørn Kleivenes Vevang som dirigent og ved flygelet delte Amazing grace av Newton/Courtney og Rutters Christmas Lullaby med oss. Gode mannsstemmer gjev solid botn og er alltid ein styrke for eit kor, men her hadde vi kraft og fylde i heile breidda.Foto: Ole Trygve Foseide
Stian Kooyman akkompagnert av kantor Bjørn Kleivenes Vevang hadde sterk framføring av Nå tennes tusen julelys og Mot lys - frå TV-serien SnøfallFoto: Ole Trygve Foseide
Blæst'n med dirigent og solist Olav Morten Tørset runda av konserten med Walking in the air av Howard Blake, og til slutt Billy Butts kjente Julen er her!Foto: Ole Trygve Foseide
Alle aktørane i lag med mesta 300 tilhørarar avslutta konserten med Deilig er jorden.Foto: Ole Trygve Foseide
Rindal kirke bak trær i vinterdrakt.Foto: Ole Trygve Foseide