Årsmøte for Rindal sokn

Dei som var tilstades frå Rindal sokneråd, f.v.: Vibeke Langli, Ingeborg Landsem, John Bendik Møkkelgård, Bård Magne Sande, Leif Ove Grytbakk, Lars Langli, Anne-Kari Brødreskift, Marie Løfald Hønsvik og Arnhild Foseide Fagerholt.

- Møt opp, ver saman

Søndag, på Maria Budskapsdag, var det endeleg tid for Menighetens årsfest i Rindal! To år er gått utan at ein har kunne samlast til denne tradisjonelle samlinga, og det bar i alle fall årsmeldinga preg av.

Publisert Sist oppdatert

Sidan siste årsmøte i 2019 har Rindal sokn fått nytt sokneråd, gått over frå Møre til Nidaros bispedømme og pandemien ruga over landet!

Kor Gøttj med dirigent Dagrun Løset.

Etter åpningshelsing og fellessong gav soknerådsledar Arnhild Foseide Fagerholt ord og tone til songkoret Kor Gøttj med dirigent Dagrun Løset. Vi fekk høre både Nordmørsminne og frå trønderreportoaret som dei har hatt klart for konsert ei tid no. Framføringa av Åge Aleksandersens bursdagssong "Skin sola, på jorda, på dæ og mæ" med Bettina og Jostein som solistar i varmt arrangement med kor og piano toppa denne avdelinga!

Torbjørn Brøske har jobba i Sjømannskirka i fleire land.

Gjestetalar var Torbjørn Brøske som fortalte om Sjømannskirka og dei nye sjømennene. Historia til Sjømannsmisjonen går tilbake til 1865, og mykje har forandra seg sidan. No er det meir turistar, studentar og trailersjåførar som gjestar sjømannskyrkjene enn sjømenn.

Medan skipa tidlegare kunne ligge i hamnene mange dagar, er det no snakk om timar, og kommunikasjonen heim for sjøfolka er ikkje avhengig av post og aviser i Kjerka.

Brøske gav oss, ut over historia, ei brei innføring i arbeidet til Sjømannskirka.
- Dei tre borda - biljardbord, kaffebord og nattverdbord, er framleis sentrale i verksemda til Sjømannsmisjonen eller Sjømannskirken, Norsk Kirke i Utlandet, som er det offisielle namnet.

Til alle som var på årsfesten appellerte Brøske i oppriktig sjømannsmisjonsstil: - Ver saman og møt opp, alle - både frivillige og stab! Vi treng å vere saman!

Torbjørn Brøske har vore sokneprest både i Stangvik og Kristiansund før han begynte i Sjømannskirka. Han var prest i Stockholm, San Fransisco og Paris før han som pensjonist hadde engasjement i Spania, Gran Canaria og Tyrkia.

Brøske delte mange av opplevingane han hadde ute i desse åra der både han og kona, Rannveig, deltok aktivt i det varierte arbeidet til Sjømannskirka på dei ulike stasjonane.

Han var opptatt av innsatsen til dei frivillige og minte oss om at dette året er Frivillighetens år. Ved alle sjømannskyrkjene er det grupper av frivillige, akkurat som det er i Norge, og Rindal er ikkje noko unntak. Dugnad er eit kjent begrep.

Sjømannskirka er ein organisasjon som er bygd opp og avhengig av frivillige, både i Norge og utlandet. Målet til Sjømannskirka er at Staten skal bidra med 50% av utgiftene, men no er det berre 38-39 %.

- Det bør vere ei ofring pr år pr sokn til Sjømannskirka , sa Brøske.

Ute i sjømannskyrkjene er det sjølvsagt mange aktivitetar for å skape inntekt. Julebasarar og laurdagsgraut i tillegg til bakelshjerter og kaffe er signaturar til Sjømannskirka!

ANNONSE:

Du kan vere med på å støtte dette arbeidet ved å gjere ein handel i nettbutikken til Sjømannskirka!

Besøk Sjømannskirka her!



Servering hører med både i Rindal og på sjømannskyrkjene.
Berre bakelshjerter som mangla, men ingen sakna dei!
Lene Wilhelmsen og Arnhild Foseide Fagerholt.

Etter ein velsmakande kveldsbuffet fekk vi gjennomgang av årsmelding frå soknerådet ved konstituert kyrkjeverge Lene Wilhelmsen og soknerådesledar Arnhild Foseide Fagerholt. Den viste stor aktivitet til tross for alle restriksjonane på grunn av pandemien.

Økonomien i soknet gav dei grunnlag for å anbefale fleire til å melde seg som faste gjevarar til soknet.

Her kan du støtte arbeidet i Rindal sokn!

Årsmeldinga vil bli lagt ut på nettsida til Rindal sokn.

Lene Wilhelmsen har vore opptatt av smittevegledning!
Powered by Labrador CMS