Annonse
Hjelp til TV-aksjonen
TV-aksjonen i år skal gjennomførast digitalt. Det vil seie at det ikkje blir nokon dør-til-dør-aksjon.
Du kan gje gaven din digitalt med smarttelefon, nettbrett eller datamaskin. Den lokale aksjonskomiteen har utfordra Rindal Dataklubb og Rindal Frivilligsentral til å hjelpe deg med slik innbetaling.
Du kan få hjelp på Rindal Frivilligsentral tirsdag, onsdag og fredag frå kl. 12.00 til 14.00.
Du kan også ringe 97682829 (OleT) for å få hjelp.
I Rindal Sparebank vil det vere utplassert ei bøsse som du kan putte pengar på på vanleg måte.
Alt dette er sjølvsagt på grunn av smittevern under korona-pandemien.
Sjå også denne artikkelen på Trollheimsporten!
Du kan følgje med innsamlinga her, viss du er opptatt av resultat og konkurranse!
Vi ønsker WWF lykke til med innsamlingsaksjonen!