Russerevy
Eit oppgjer med russens rykte!
Øvinga til årets russerevy er i gang og revysjefane Jannicke Valstad Stenberg og Kirsten Marie Nordvik ser allereie no at det kjem til å vere verdt å ta turen i mars!
Talent på høgt nivå
Av avgangselevane i år er det heile 45 som deltek på årets russerevy. Revysjefane er svært glade for at så mange er med. Dei fortel at det er eit ressurssterkt trinn i år. Både Jannicke og Kirsten Marie driv med revy på fritida, i tillegg har dei eit band som består av Johanne Holten, Ingebrigt Bergli, Sigve Holten og Per Olav Bredesen. Både Ellen Svendsen Fiske som er solist og Vilde Holmvik Solem og Marte Dahl Andreassen som er koreografer, er dei veldig glade for å ha med på laget.
Instruktørane for årets revy er Håkon Solem og Olav Mogstad, som er revykollegaer av Jannicke og Kirsten Marie. Sketsjane er stort sett skrive av elevane, men instruktørane hjelper med tips og idear undervegs og gjer endringer dersom det trengst. Avgangselevane tykkjer det er godt å ha med nokre hovud som ser det utanfrå.
Frank Botten og Rune Dalager står for lys og lyd til revyen.
Blanding av nybegynnarar og erfarne
Revysjefane seier at det viktigaste med heile revyen er at aktørane skal få ei god oppleving. Det er ei god blanding av folk som har erfaring frå både revy og det å vere på scena, og folk som aldri har stått på ei scene før.
– Vi tykkjer dei fortener å få ei god oppleving når dei arbeider så hardt som dei gjer, seier revysjefane.
Første og siste 10. klasse med storprosjekt
Årets avganselevar var det siste kullet som hadde storprosjekt på Surnadal ungdomsskule i 10. klasse. Dei kan òg fortelje at kullet til instruktør Håkon Solem var dei som var først ut med storprosjekt, da dei satte opp Grease i 2003.
– Dei var dei første og vi var dei siste, så vi avslutta på ein måte den sirkelen, seier revysjefane.
Både intern og nasjonal humor
Namnet på årets revy er foreløpig ein hemmelegheit, men når billettane blir sleppt på måndag, kjem truleg avsløringa i same slengen. Det dei kan røpe er at temaet for revyen er "Eit oppgjer med russens rykte", og at dei kanskje vil motbevise nokre dårlege rykte russen har fått.
Det blir sketsjar med intern humor innad i klassane og på skulen, men òg humor på nasjonalt nivå. Publikum får blant anna ein sketsj om skandalar i politikken, og ein om lærarane på skulen frå lærarrommet, og kanskje frå lærarane si fritid?
Klar for revy i mars
Revyen i år er satt til datoane 7., 8. og 9. mars, og fram til da blir det intensiv øving. Jannicke og Kirsten Marie vil takke skulen for tilliten med at dei har fått tilgang på øvingslokaler der. Planlegginga av revyen starta allereie i sommar, og om to veker flyttar gruppa inn i Storstuå på kulturhuset for å setje saman alt og gjere seg klar til forestilling.
Klar oppfordring frå revysjefane; KOM OG SJÅ!