VM i randonee i Spania:
Erik Kårvatn kom til semifinalen i VM – knekte staven
I perioden 28. februar til 5. mars blir VM i randonee arrangert i Boí Taüllai Spania. Tysdag var Erik Kårvatn frå Trollheimen fjellsportklubb på startstreken for å kvalifisere seg til kvartfinale og semifinale i sprint. Han går i U20-klassen.
I kvalifiseringsrunden oppnådde Erik nest beste tid, og gikk dermed vidare til kvartfinalen, der han gikk i heat 4. I dette heatet kom han på tredjeplass, og gikk dermed vidare til semifinalen, der han gikk i det første av to heat.
Erik kom på femteplass i det første heatet. Han kom i mål på tida 03:05,570, medan Jon Kistler frå Sveits fikk bestee tid på 02:56,144 – total kom Erik inn på den 9. beste tida frå semifinalane, men tapte nok ein del tid på at han knekte staven, skriv todalen.no.