
Påskesongmesse med klassiske perler
– Uansett kva innfallsvinkel ein har til kyrkjeleg påske, trur vi musikkens språk talar til alle, seier Bernt G. Bøe. Han er ei av eldsjelane bak den tradisjonelle og heilt spesielle påskegudstenesta i Åsskard kyrkje på langfredag.
Dei siste om lag tjue åra har Åsskard forma påskegudstenesta si som ei tekst-musikalsk «vandring» med element frå alle dei aktuelle høgtidsdagane; palmesøndag, skjærtorsdag, langfredag og påskedag. Bernt Bøe fortel at dette er gjort av fleire omsyn:
– Mange vil kombinere påskeferie (ski, hytte, familie) med den kyrkjelege bakgrunnen for høgtida. Det gode oppmøtet tyder på at dei likar å få «heile påska på EIN kveld» ved denne samlinga, seier han.
– ... sjølv om kvar høgtidsdag i påska har SITT innhald og kanskje bør «leva sitt eige liv», legg han til.
Kyrkja si største høgtid
Påska er historisk, tekstleg, kulturelt og musikalsk kyrkja si største høgtid, som har inspirert kunstnarar, forfattarar og komponistar til enorm skapartrong og gjeve oss mange udødelege verk.
– Klassisk musikk har såleis vore ei stor drivkraft for satsinga på ei årleg Påskesongmesse. Det er her mykja av Bach, Handel og andre geni kjem best til sin rett, seier Bernt Bøe.
Om koret stort sett består av amatørar, så gjer dei sitt beste for å yte komponist og verk rettferdighet.
– For oss i det lokale musikklivet er det inspirerande å hente fram klassiske perler som knyter seg til både lyse og dystre sider av påskeinnhaldet, seier han.

Aktørar denne gong er songsolistane Sigrid Vetleseter Bøe - sopran (profesjonell operasongar), Turid Røen Kroknes – alt (også utdanna operasongar, bur i Valsøyfjorden, men er «ekt rindaling »), fiolinistane Odd Sonntag (Kristiansundsoperaen) og Elisabet Husby (relativt nyinnflytta surnadaling), fløytisten Tove Elin Strand, klokkar Randi Bøe (tekstlesar), prost Vidar Rygh (liturg) og Bernt Bøe (som leier det meste frå pianoet).


Musikk frå øvste hylle
Bernt Bøe ivrar for eit variert lokalt kultur og kyrkjemusikkliv, mellom anna ved å «hente heim» musikk frå øvste hylle for å dele den med lokalsamfunnet.
– Takka vere innsatsvillige korsongarar og gode musikarar i området er det muleg å bruke god klassisk musikk i program som dette. Men, det krev mykje tilrettelegging. Det meste må arrangerast for dei krefter ein har med seg til kvar tid. Så før påske, jonsok og jul flyt det med notar på bordet heime i Bøfjorden, fortel han.
Noko av programmet denne gong er verdt å nemne:
Solistane Sigrid og Turid tolkar den gripande duetten «Står ei mor» frå verket Stabat Mater av Giovanni B. Pergolesi (1710-1736). Komponisten, som døde berre 26 år gammal, imponerte sjølvaste Bach i den grad at Herr Sebastian laga ein kantate med gjenbruk av nettopp Stabat Mater.
Frå Bachs store H-mollmesse syng Turid Kroknes arien «Agnus Dei» (Guds Lam) - med fiolin og klaver. Bach er kalla «den femte evangelist» fordi han legg inn så inderleg tolking i kyrkjemusikken sin – musikken hans «forkynner» med tonar i staden for ord, eller rettare: utdjupar orda.
Sigrid elskar Mozart og byr på den brilliante «Laudamus te» (Vi lovar deg) frå Grosse Messe i C-dur. I seg sjølv eit bravourstykke som kan kaste glans over musikkstunda. Og da er ikkje påska ei dyster tid i kyrkja. Det unektelege alvoret vekslar med sprudlande glede.

Song og symbol
Bernt Bøe fortel at koret Prosjekt 17 på ein måte har 50-årsjubileum denne våren. Ein traust kjerne av songarane var nemleg med da forløparen Åsskard Kyrkjekor formelt vart starta i 1975, det året han sjølv begynte som organist, og han vart óg leiar av koret. Etter mange års samarbeid med andre kor, tettast med Todalskoret, vart Prosjekt 17 danna som resultat av samanslåing nettopp i 2017.
Utanom eigne stemner til allsongen legg P17 korframføringar inn i konsertmessa. Bachs pasjonsperle «O hode, høyt forhånet» og «Hallelujakoret» av Handel gir uttrykk for ulike stemningar denne dagen.

– Sentralt i langfredagens tekster står tekstsyklusen «Jesu Kristi Sju Ord på Korset» - samansett frå alle dei fire evangelia. Dette blir framført som stilisert drama (rollespel) - med prost Vidar Rygh i ei sentral rolle. Element i kyrkjerommet, kors blomster og utstyr som også talar biletleg, blir nytta i denne framføringa, seier Bernt Bøe.

Kveldskaffe med bakels og graut
Han fortel at den sosiale atmosfæra blir ivaretatt, mellom anna ved at soknerådet spanderer kveldskaffe, denne gong med graut, bakels og anna godt, etter messa.
Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen og rådets «kjøkensjef» Kari Aarnes ivrar for allsidig bruk av kyrkja, og frydar seg over å vera vertskap både ved gudstenester, konsertar, barnekveldar og hobbytreff.
– Som gudsteneste er Påskesongmessa gratis for alle som kjem. Men ein kan gje kollekt til dekning av utgifter som unekteleg følgjer ei så stor satsing, avsluttar Bernt Bøe.
---
ANNONSE:
