Åsskard onsdag
- Fyll kyrkja med song!
Songkvelden i Åsskard kyrkje onsdag blir levande reklame for «Norsk Salmebok 2013» - med kor og forsamling i fri utfalding.
- Vi skal fylle kyrkja med song frå tidenes rikaste samling av sterke tekster og flotte melodiar, seier arrangørkoret Prosjekt 17.
- Her svingar det frå bedehus til klassisk, frå hymner til tango!
Folk lika seg under ein liknande kveld i Todalen nyleg: - Både korsong og allsong var ein fryd for øret!
Forutan å føre an i fellessongen framfører P17 musikk av Beethoven, Handel og Mendelssohn.
Attåt P17 deltek HeimKlang (tidlegare Halsa Demenskor, leia av Turid Røen Kroknes), fløytisten Tove Elin Strand og Bernt Bøe, som kommenterer innslaga og gir tonefølgje på piano.
- Men viktigaste aktør på ein slik allsongkveld er sjølsagt forsamlinga, poengterer han.
Soknerådet byr på enkel kyrkjekaffe etter programmet, som truleg også blir sendt på lokalkyrkja sitt TV-nett.