Møre og Romsdal SV

Dame og mann med blomsterbukett
Marit Aklestad og Gert Rietman, Møre og Romsdal SV.

Yrkesskaderegelverket må moderniserast

Publisert Sist oppdatert

Formålet med yrkesskaderegelverket er å gi økonomisk tryggleik for personar som vert råka av arbeidsulykker, yrkesskade eller arbeidsrelatert helsesvikt. Der bør ikkje kjønn spele noko rolle. Men slik er det diverre ikkje i dag. Arbeider du i kvinnedominerte yrke, slik som helse- og omsorgsektoren, reinhaldsbransjen eller i butikk, er du blant dei med lågast sansyn for å få godkjent yrkesskadeerstatning. Dette er ei likestillingsutfordring det er på høg tid å løyse. Dette skriv Møre og Romsdal SV i ei pressemelding mondag. 

Dette har Møre og Romsdal SV arbeidd med i haust, blant anna etter eit møte med Norsk sjukepleieforbund. Vi tok saka vidare til SV sitt landsstyre no i november, der vi fekk vedteke ein uttale som konkretiserer korleis SV ynskjer å modernisere regelverket.

Bakgrunnen er uheldige kjønnsforskjellar

Fylkesleiar Gert Rietman viser til tala: - 7 av 10 personar som får godkjent yrkesskade er menn, og for yrkessjukdom er kjønnsforskjellen endå større – heile 9 av 10 som får godkjent yrkessjukdom, er menn. Dette vitnar om ein skeivskap som må rettast opp. Risiko for både akutte skader og for lidingar som følgje av påkjenningar over tid, er stor også i mange kvinnedominerte yrke, men dagens regelverk tek ikkje tilstrekkjeleg omsyn til desse arbeidsforholda.

Behov for endring

Marit Aklestad, nestleiar i Møre og Romsdal SV, peikar vidare på at regelverket har vore nærast uendra i 60 år: -då såg arbeidslivet heilt annleis ut. Færre kvinner var i lønna arbeid, og det var industrien som stod for dei fleste yrkesskadene og -sjukdomane. Slik er det ikkje lenger. I dag går det føre seg mykje tungt arbeid i helsesektoren og andre kvinnedominerte yrke. Då må regelverket sikre desse yrkesgruppene rett på yrkesskadeerstatning på lik linje med meir mannsdominerte sektorar.

Tiltak for eit likestilt regelverk

For å sikre lik rett til yrkesskadeerstatning, meiner SV at regelverket må endrast:

• Akutte skader, slik som skader ved løft, slag eller spark, må bli inkludert i regelverket for yrkesskadeerstatning.

• Det må opnast for reell erstatning ved "usedvanlege påkjenningar", slik at skader som rygg- og nakkeskader blir inkludert på ein meir eigna måte. Vidare bør kriteria for hofte- og kneskader justerast eller erstattast av meir skjønsvurdering.

• Vi treng ei utgreiing av regelverket i eit kjønnsperspektiv som tek omsyn til den kjønnsdelte arbeidsmarknaden og ulikskap i menns og kvinner si helse.

Lenke til vedtaket i SVs landsstyre 17. november 2024.

Powered by Labrador CMS