Stort engasjement på Møre og Romsdal Venstre sitt årsmøte

Stortingsprogram og politiske uttalar på dagsorden

Møre og Romsdal Venstre har denne helga gjennomført sitt årsmøte, der viktige politiske saker og vidare arbeid for partiet blei diskutert og vedtatt. Dette skriv Møre og Romsdal i ei pressemelding.

Stortingsprogrammet i fokus

Under årsmøtet blei det jobba med utforminga av Venstre sitt stortingsprogram, med gode drøftingar, refleksjonar og endringsforslag.

Stortingsprogrammet skal vedtakast på Venstre sitt landsmøte i mars. Møre og Romsdal reiser til landsmøtet med ein breidt samansett delegasjon frå heile fylket.

Erik Rolfsen frå Kristiansund, førstekandidat til Stortingslista i år, er ein av delegata som skal reise. Diskusjonane rundt stortingsprogrammet på årsmøtet ga oss gode innspel til den vidare jobben for delegasjonen. Ei viktig sak her vil vere å få vedtatt at Venstre vil fjerne formueskatt på arbeidande kapital i løpet av den komande stortingsperioda, seier Rolfsen.

Årsmøtelyden var innom alle saksfelta stortingsprogrammet, og det blir også sendt endringsforslag frå fylkesårsmøtet til andreutkastet.

Politiske uttalar om det maritime totalforsvaret og den frie pressa

Fylkesårsmøtet vedtok to politiske uttalar;

● Den maritime klynga i Møre og Romsdal er avgjerande for utvikling av det maritime totalforsvaret

● Venstre står opp for den frie presse

Det skal satsast milliardar på Forsvaret i åra som kjem. Berre i Sjøforsvaret skal det skje ei historisk oppbemanning med minst 1300 nye sjøfolk. Dette skjer samtidig som den sivile flåten signaliserar eit skrikande behov for personell.

Møre og Romsdal Venstre meiner at den maritime klynga i Møre og Romsdal er ein del av løysinga, seier Annika Brandal, fylkesleiar og andrekandidat på Stortingslista i år.

Brandal trekk fram Campus Ålesund, der dei har tatt iniativ til eit tettare samarbeid for å synleggjere og bidra til å løyse både det militære og det sivile maritime behovet og raskare styrke vårt felles beredskap. Her er komplett verdikjeda for maritim kompetanse til stades, med vidaregåande skule, fagskule, universitet og ei verdsleiande maritim klynge.

Heile Noreg bålar - Friluftslivets år 2025

Første årsmøtedag blei også nytta til eit avbrekk med frisk luft, og ei markering på starten på Friluftslivets år 2025, med “Heile Noreg bålar”.

Allmennkringkasting og redaktørstyrte media

Demokratiske og liberale prinsipp, med maktfordeling, menneskerettigheiter, likestiling og respekt for ulike haldningar og meiningar, er under press. Dette må vi ta på alvor. Den andre politiske uttalen som blei vedtatt denne helga handla nettopp om dette.

Samhold og optimisme

Møre og Romsdal Venstre er optimistiske for vegen vidare, og ser fram til den komande valkampen.

Med beste helsing

Annika Brandal
fylkesleiar

Powered by Labrador CMS