Møre og Romsdal Venstre

Møre og Romsdal Venstre førebur seg til Venstres Landsmøte 7.-9. mars.
Møre og Romsdal Venstre er klar for å delta på Venstres Landsmøte på Lillestrøm frå 7. til 9. mars. Landsmøtet samlar Venstre-politikarar frå heile landet for å diskutere viktige politiske saker og førebu partiet sin politikk for dei komande åra. Hovudtemaet for helga er behandlinga av Venstres stortingsprogram for 2025-2029. Dette skriv Møre og Romsdal Venstre i ei pressemelding tysdag.
Verdssituasjonen har endra seg dramatisk den siste tida, og behovet for eit sterkt forsvar er meir aktuelt enn på lenge. Dette vil òg prege debatten på Venstres Landsmøte.
Delegasjonen frå Møre og Romsdal Venstre er godt førebudd og har eit sterkt engasjement for å bidra til utforminga av Venstres framtidige politikk. Programmet som skal behandlast, vil leggje føringar for korleis partiet vil handtere viktige samfunnsutfordringar som berekraftig utvikling, utdanning, helse, gode rammevilkår for næringslivet og ikkje minst klima- og miljøpolitikk.
– Vi er stolte av å sende ei dyktig og engasjert delegasjon til landsmøtet, og ser fram til å bidra med både lokale perspektiv og løysingar på dei store nasjonale utfordringane vi står ovanfor, seier Annika Brandal, fylkesleiar i Møre og Romsdal Venstre.
På lik linje med dei andre fylkeslaga, har Møre og Romsdal Venstre spelt ei aktiv rolle i utforminga av stortingsprogrammet, og fleire framlegg frå fylket er sende inn til behandling. Nokre av desse er alt innstilt vedtatt som ein del av det endelege programmet, og fleire skal debatterast under landsmøtet. Blant dei innstilte framlegga frå Møre og Romsdal finn vi strengare reinsekrav for avløpsanlegg, betre dyrevelferd for oppdrettsfisk, auka tilgang til skuleverkstader, samt eit eige avsnitt som belyser viktigheita av maritim næring.
– Vi er glade for at fleire av våre framlegg alt er innstilte på vedtak, og vi er tydelege på at Møre og Romsdal har viktige innspel som skal vere med på å forme landets politikk, seier Brandal.
Ei viktig sak som er med i Venstres programutkast, er fjerning av formuesskatt på arbeidande kapital.
– Å fjerne formuesskatten på arbeidande kapital vil styrkje lokalt næringsliv og bidra til at fleire bedrifter kan investere i arbeidsplassar og utvikling, heller enn å måtte tappe verdiar for å betale skatt. Dette er særleg viktig for små og mellomstore bedrifter i distrikta, seier Erik Rolfsen, Møre og Romsdal Venstre sin 1. kandidat, som òg er ein del av delegasjonen.
Gjennom helga vil delegasjonen delta i diskusjonar, debattar og arbeid med utforminga av Venstres politikk for dei neste åra. Møre og Romsdal Venstre er særleg opptekne av å fremje politiske løysingar som kan styrkje distrikta og sikre ei grøn og berekraftig framtid for både fylket og landet som heilskap.
Landsmøtet på Lillestrøm gir ei viktig anledning for Venstre til å setje retninga for framtida, og Møre og Romsdal Venstre er klare til å ta del i den politiske utviklinga.
I delegasjonen frå Møre og Romsdal deltek:
1. Annika Brandal, Hareid, landsstyret, fylkesleiar, 2. kandidat, delegasjonsleiar
2. Asgeir Bahre Hansen, Kristiansund, landsstyret, nestleiar fylkesstyret
3. Erik Rolfsen, Kristiansund, 1. kandidat stortingslista, kommunestyret Kristiansund
4. Pål Farstad, Kristiansund, gruppeleiar fylkestingsgruppa
5. Frank Stenløs, Molde, fylkestingsgruppa, gruppeleiar Molde
6. Kari Grindvik, Ålesund, fylkestingsgruppa, Ålesund
7. Matias Hoem Bjurbeck, Haram, Unge Venstre, kommunestyret Haram
8. Fride Sortehaug, Ålesund, kommunestyret Ålesund
9. Ragnhild Helseth, Kristiansund, kommunestyret Kristiansund
10. Steinar Husby, Sunndal, lokallagsleiar Sunndal
11. Jon Grimstad, Ålesund, fylkesstyret