Møre og Romsdal SV melder:

Forslag til liste til Stortingsvalet

Nominasjonskomiteen i Møre og Romsdal SV legg no fram sitt forslag til stortingsvalliste 2025. Dette skriv Møre og Romsdal SV i ei pressemelding.

Listeforslaget er utarbeidd etter at lokallaga har gitt innspel på kandidatar og rangering. Lista har god geografisk fordeling. På dei fire første plassane er dei tre fogderia representerte. Lista har fire frå Nordmøre, fire frå Romsdal og seks frå Sunnmøre. 

Kandidatane på lista representerer både breidde og mangfald. Det er ulike yrkesbakgrunnar og livssituasjonar. Det er personar på høgt nivå i arbeidstakarorganisasjonar og frå miljørørsla. Det er breidde i alder. Den yngste kandidaten er 19 år og dei eldste er 64 år. 

Til saman har vi ei liste med breidde i erfaringsbakgrunn, som speglar mangfoldet vi finn blant innbyggarane i Møre og Romsdal. Det er god balanse mellom kvinner og menn i listeforslaget samla sett, med 8 kvinner og 6 menn. 

På førsteplass foreslås Line Karlsvik, 46 år, frå Kristiansund. 

Line Karlsvik er ein erfaren politikar. Ho har fleire periodar som kommunepolitikar og har erfaring frå bystyre, formannskap og ulike utval. Engasjementet hennar for kommunepolitikk gjer at ho har god bakgrunn for å arbeide for betra vilkår for kommunane som stortingsrepresentant. 

Line har engasjement og innsikt i næringssaker, gjennom politisk arbeid i kommunestyre, formannskap og frå utval for næring og omstilling, og gjennom eige arbeid som næringsdrivande. Ho har også erfaring frå fleire periodar i fylkespolitikken. No er ho første vara til fylkestinget, og har i ei periode møtt mykje der. 

Line er jurist med eigen advokatpraksis, og dette gjer at SV har ein sjølvstendig næringsdrivande på toppen av listeforslaget. Ho er kretsleiar i Advokatforeningen Møre og Romsdal krets. 

Line har sterk støtte frå lokallaga i SV når det gjeld 1.plass på lista. 

På andreplass på listeforslaget finn vi Siri Vik Bakken, 34 år, frå Ålesund. 

Siri er nestleiar i Møre og Romsdal Handel og Kontor og arbeider som organisasjonsmedarbeidar i LO. Ho var tillitsvalt på Obs Moa i 4 år. 

Siri har dei siste åra arbeidd i prosjekt med å organisere tilsette i servicesektoren i Møre og Romsdal, og med å få på plass tariffavtalar for dei tilsette. Med ein solid bakgrunn frå fagrørsla brenn ho for at alle som kan jobbe skal kunne ha ein trygg og god arbeidsplass. 

Siri har eit breitt politisk engasjement, i tillegg til arbeidsliv er ho også oppteken av bustadpolitikk, samferdsel, energipolitikk, internasjonal solidaritet, skatt og velferd. 

På tredjeplass står Mali Regine Hegerberg Børset, 22 år, frå Sunndal. 

Ho er tidlegare sentralstyremedlem i Natur og Ungdom (2022-2024) og sit no i landsstyret til SU. Ho har arbeidd mykje med natur -og gruvepolitikk, samferdsel- og oljeindustrispørsmål. Ho har vore med å stansa Wisting-feltet og organisere Fosen aksjonane. Ho er også oppteken av berekraftig naturforvalting, og å bremse bit-for-bit nedbygginga av norsk natur, samt styrking av naturens rettsvern. 

Mali har bakgrunn både frå landbruk og industri. Ho er odelsjente og oppvaksen på gard. Ho kjem frå industrikommunen Sunndal og har hatt sommarjobb på verket i mange somrar. Dette er erfaringsbakgrunn som er verdifull for lista. 

Mali har eit breitt politisk engasjement. Hjartesakene hennar er i tillegg til klima- og miljø-saka; flyktningpolitikk, skulepolitikk, skatt, landbruk, kollektivtransport, og målsak. 

Yvonne Wold, 47 år frå Rauma, finn vi på fjerdeplass på listeforslaget. 

Yvonne er den mest kjende SV-politikaren i Møre og Romsdal. Ho er no inne i si andre periode som ordførar i Rauma, og er ein del av SV si fylkestingsgruppe. 

Yvonne har sin yrkesbakgrunn frå skulesektoren, men har med lang politisk erfaring som ordførar, frå kommunestyre og fylkespolitikken solid erfaring frå ei rekke politikkområde. 

Yvonne og SV gjorde eit brakval ved kommunevalet i fjor, da SV fekk heile 43,6% av røystene i Rauma, og Yvonne vart gjenvalt som ordførar. Yvonne har svært stor støtte frå lokallaga, men har no etter andre runde ynskt seg lenger ned på lista og har fått fjerde plass etter avtale med nominasjonskomiteen. 

Alt i alt meiner nominasjonskomiteen å ha kome fram til ei liste som representerer breidda i kva Møre og Romsdal SV står for.  Vi er eit sosialistisk og feministisk parti som står for vern om velferdsstaten, eit anstendig arbeidsliv, klima og miljøvern, solidaritet og god distriktspolitikk. 

Det samla listeforslaget ser slik ut:
1. Line Karlsvik, Kristiansund
2. Siri Vik Bakken, Ålesund
3. Mali Regine Hegerberg Børset, Sunndal
4. Yvonne Wold, Rauma
5. Anders Lindbeck, Ålesund
6. Adnan Alamad, Sula
7. Bjørn Jacobsen, Molde
8. Marit Aklestad, Ørsta
9. Håvard Brændeland, Kristiansund
10. Kari Gagnat, Molde
11. Mariann Ulvestad, Ålesund
12. Ola Fremo, Molde
13. Andreas Outzen, Sunndal
14. Birgit Oline Kjerstad, Haram

Powered by Labrador CMS