Statsforvaltaren besøkte kommunestyret i Surnadal

To menn og ei dame som sitter ved et bord foran en storskjerm i et møte.
Kommundedirektør Lars Inge Kvande, ordførar Hugo Pedersen og varaordførar Annett Ranes.

– Vi er bekymra for kommunen sin økonomi i åra som kjem

Torsdag denne uka hadde kommunestyret i Surnadal eit kort ettermiddagsmøte. Kommunestyret fekk mellom anna ei orientering om kommuneøkonomi av representantar frå Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Statsforvaltaren i har i oppdrag frå regjeringa å følge opp kommunane tett på økonomi, og dei 14 kommunane i fylket som gjekk med negativt netto driftsresultat i fjor får derfor besøk av Statsforvaltaren. Det var assisterandre statsforvaltar Rigmor Brøste og seniorrådgivar Maria Laingen som representerte Statsforvaltaren i denne samanhengen. Dei heldt ei orientering der dei mellom anna snakka om demografisk utvikling, arbeidskraft, ansvarleg økonomisk politikk, fordeling og omstilling. Dei påpeika at det er forventa at fleire kommunar, både i fylket og nasjonalt, kjem på ROBEK-lista i åra som kjem. Surnadal kommune har aldri vore på ROBEK før, og sjølv om kommuneøkonomien er stram no, så understreka dei at kommunen kan og bør styre unna ROBEK.

Maria Laingen oppsummerte slik:

– Vi er bekymra for kommunen sin økonomi i åra som kjem. Vi ser at de har hatt eit meirforbruk som har spist store delar av disposisjonsfondet, og eg veit at driftssituasjonen er pressa. Dette gjer kommunen sårbar for uforutsette hendingar, men samtidig trur vi at det ligg ei mulegheit knytta til tenestesamarbeid mellom kommunane, og kanskje ligg det også løysingar i eit nytt helsehus, som gjer at de kan rigge dykk og organisere kommunen på ein annan måte, sa ho.

Rigmor Brøste la ikkje skjul på at kommunens økonomi blir svært stram dei neste åra.

– De må både omstille dykk for å få ned driftsnivået, og i tillegg betale ned "gamal moro", skal de unngå å havne på ROBEK. Og det må de prøve å unngå, for de er blant dei få som er kretsmestrar i ikkje å vere der, sa ho.

Kommunestyret fekk og ei orientering frå folkehelsekoordinator Trine Kristiansen Glåmen om Ungdata-undersøkelsen.

Kvalitetsmelding for oppvekst 2023 - 2024 vart presentert av  Kenneth Bergstad, kommunalsjef for oppvekst, i ei utvalssak. Kommunestyret vedtok einstemmig å ta kvalitetsmeldinga til vitande.

Saka om reglement for Eldrerådet vart einstemmig utsett, etter forslag frå Senterpartiet.

Saksliste og saksdokument til møtet finn ein på Surnadal kommune si heimeside.

Sjå møtet i opptak på KommuneTV

Powered by Labrador CMS