Kommunestyremøte i Surnadal

En mann som står på en talerstol og snakker til en forsamling.
Kommunedirektøren orienterte om omstilling og økonomi.

Varslar om udekka meirforbruk for 2024

Tysdag denne veka var det kommunestyremøte i Surnadal. Fleire saker sto på agendaen, mellom anna godkjenning av rom- og funksjonsprogrammet for Surnadal helsehus, og endring av talet på stemmekretsar i kommunen. Kommunestyret fekk óg ei orientering om den økonomiske situasjonen i kommunen. Den foreløpige rekneskapen for 2024 viser eit relativt stort udekka meirforbruk.

Publisert Sist oppdatert

Sjå sakslista til møtet på Surnadal kommune si heimeside, og heile møtet i opptak på kommune-TV.

Rom- og funksjonsprogram

I dette møtet vart det lagt fram ei sak om Surnadal helsehus - godkjenning av rom- og funksjonsprogram med tilhøyrande arealprogram og teknisk program. Eit rom- og funksjonsprogram beskriv dei nødvendige funksjonane, romma og areala som krevst for eit byggeprosjekt. Programmet er ein viktig del av planleggingsfasen, og fungerer som ein detaljert spesifikasjon for kva bygninga skal innehalde og korleis den skal brukast. Innhaldet er basert på innspel frå tilsette, politikarar, pårørande og frivillige. Dokumenta er grunnlag for anbod på helsehus-prosjektet.

Ordførar Hugo Pedersen understreka at kommunestyret enno ikkje har gjort vedtak om at det skal byggast helsehus, men denne saka er med og legg grunnlag for å ta den avgjerda. Plana er at den saka kjem opp i kommunestyret i desember.

Saka vart presentert av Pål Ranes, som er digitaliseringsansvarleg og prosjektledar for helsehus-prosjektet i kommunen. Han fortalte om arbeidsprosessen så langt.

I mai 2024 gjorde kommunestyret val av konsept. Dei vedtok alternativ 3, som inneber å rive den eldste delen av sjukeheimen og bygge 48 nye plassar.

Frå juni til september i fjor vart det gjennomført arbeidsmøte med berørte fagområde med tanke på rom og funksjonsprogram.

I november gjennomførte kommunen ein dialogkonferanse med ca 20 bedrifter som var interesserte i prosjektet, samt eigne møte med dei bedriftene som ønska det.

I januar i år vart det gjennomført arbeidsmøte med dei berørte einingane

I konseptet som ligg til grunn består ei avdeling av to bebuar-grupper med åtte rom i kvar gruppe. Kvar bebuar-gruppe skal ha tilgang til ei lita felles stove, som dei åtte bebuarane i gruppa deler. I tillegg skal alle dei 16 bebuarane avdelinga ha tilgang til ei stor felles avdelingsstove, som er tilknytta eit felles kjøkken.

Det skal være enkelt tilgang frå kvart rom til alle fellesrom, og til uteområde,

Befolkningsutviklinga i Surnadal er som elles i landet slik at talet på eldre aukar, medan talet på folk i yrkesaktiv alder går ned. I framtida vil kommunen være avhengig av frivilligheit og pårørande som bidreg for å få det til å gå rundt i omsorgstenestene. Derfor er det lagt til rette for at frivillige kan bidra i alle fellesrom i tilknytning til inngangspartia.

Etter dette vedtaket blir prosjektet om kort tid lagt ut på anbud (pre-kvalifisering). Prosjektgruppa vil velgje ut tre kandidatar som får ei viss tid til å utarbeide forslag, pris og design, på helsehuset. Til hausten skal ein evalueringskomite velje ut ei av desse til å bli med inn i samspelsfasen.

Ranes påpeika at det er framleis er mogleg å endre på innhaldet i prosjektet framover, og det er og fleire moglege stopp-punkt.

Dersom kommunestyret i desember vedtek at prosjektet skal gjennomførast så blir det byggeperiode frå våren 2026 til slutten av 2027.

Kommunedirektør Lars Inge Kvande sa at det er berekna at det i framtida blir opp mot 40% færre i yrkesaktiv alder i Surnadal, og da blir det hard konkurranse om arbeidskrafta. Han understreka at det derfor er svært viktig å organisere dei kommunale helse- og omsorgstenestene så dei blir så effektive som mogleg.

– Vi må alle evne å sjå litt fram i tid og erkjenne at dette kjem til å bli krevjande, sa Kvande.

Mona Rita Brøske Rønning (Sp) spurte om det er planlagt tilfluktsrom i bygget. Pål Ranes svarte at det er lagt inn i plana, men det er usikkert korleis rommet skal utformast.

Etter tilråding frå plan- og byggenemnda vart det teke inn eit tillegg om areal for vaskeritenester i innstillinga i saka.

Kommunestyret sitt vedtak vart slik:

Kommunestyret tilrår at rom- og funksjonsprogrammet, arealprogrammet samt teknisk program for helsehuset vert godkjent som grunnlag for vidare planlegging og prosjektering med følgjande endring: 

• Areal for vaskeritenester skal takast inn i rom og funksjonsprogram.

Vedtaket var einstemmig.

Mange personer i et møterom.
Frå kommunestyremøtet tysdag.

Stemmekretsar

Kommunedirektøren la fram eit forslag som inneber å halvere antal stemmekretsar i kommunen. Dette var mellom anna begrunna i krava til eigna vallokale i den nye vallova.

Eit par representantar tok til orde for å behalde de gamle stemmekretsane, men 21 representantar stemte for kommunedirektøren si innstilling. 6 stemte mot.

Vedtaket vart slik:

Kommunestyrets vedtak Surnadal kommunestyre avviklar ordninga med stemmekretsar i kvar av dei gamle skolekretsane, og vedtek følgjande nye stemmekretsar frå og med Stortingsvalet 2025:

• Surnadal stemmekrets, Nedre Surnadal og Mo stemmekrets blir slått sammen. o Vallokale vert i Surnadal kulturhus.

• Todalen og Stangvik stemmekrets, Todalen og Stangvik stemmekrets blir slått sammen. o Vallokale vert på Todalen og Stangvik oppvekstsenter.

• Bøfjord og Bæverfjord stemmekrets, Bøfjorden og Bæverfjord stemmekrets blir slått sammen. o Vallokale vert på Bøfjorden og Bæverfjord oppvekstsenter.

En mann som står på en talerstol og snakker til en forsamling.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande la ikkje skjul på at den økonomiske situasjonen er krevande.

Stort meirforbruk og udekt tap for 2024

Kommunestyret fekk óg orienteringar frå ordføraren og kommunedirektøren, Kommunedirektøren orienterte mellom anna om omstillingsprosessen, og om den økonomiske situasjonen i kommunen. 

Den foreløpige årsrekneskapen for 2024 viser eit stort meirforbruk ut over den kapitalen som ligg i disposisjonsfondet, som no er på ca 21,5 millionar kroner. Det vil altså ende med eit relativ stort udekka meirforbruk. Eit slikt udekt meirforbruk må dekkast inn i løpet av dei to kommande åra, ellers vil kommunen bli oppført i ROBEK. Kommunedirektøren la ikkje skjul på at dette er ein svært krevande situasjon. For å klare å dekke inn det udekte meirforbruket i løpet av to år, så må det strammast inn enda meir i budsjetta for i år og for neste år, sjølv om budsjetta er tronge frå før.

Sjå vedtaka frå møtet i sakslista på Surnadal kommune si heimeside.

Opptak frå heile møtet på kommune-TV:

Powered by Labrador CMS