Siste møte for det avtroppande kommunestyret i Surnadal
Det avtroppande kommunestyret i Surnadal hadde sitt siste møte torsdag føremiddag. Det var eit kort møte med kort sakliste. Den siste saka som var oppe var vurdering av framtidig PPT-samarbeid etter vedtak i kommunane Rindal, Sunndal, Surnadal og Tingvoll.
Kommunedirektøren si innstilling i saka:
1) Surnadal kommunestyre vedtek etablering av eit PPT - samarbeid kalla PPT Indre Nordmøre ,
som eit administrativt vertskommune-samarbeid jf. Kommunelovens §20-2 frå 01.08.2024,
mellom kommunane Sunndal, Surnadal og Tingvoll, med Surnadal kommune som
vertskommune.
2) Surnadal kommunestyre seier opp gjeldande samarbeidsavtale innan forlenga oppseiingsfrist
01.11.23 om felles PP-teneste med Rindal kommune, med verknad frå 01.08.2024.
3) Surnadal kommunestyre godkjenner vedlagde samarbeidsavtale. Kommunedirektøren får
fullmakt til å foreta ikkje-prinsipielle justeringar.
4) Rindal kommune kan om dei ønskjer det, framleis gjere ei ny vurdering om å inngå
samarbeidsavtale med Sunndal, Surnadal og Tingvoll kommunar, innan 31.12.23.
5) Dersom Rindal kommune ikkje ønskjer å inngå PPT- samarbeid med Sunndal, Surnadal og
Tingvoll kommunar, kan Rindal kommune i dialog med samarbeidskommunane inngå ein
langsiktig avtale om kjøp av PP – tenester frå PPT Indre Nordmøre.
Kommunedirektøren si innstilling vart samrøystes vedteke.
Mot slutten av møtet fekk alle representantane høve til å gå på talarstolen og seie nokre ord til det avtroppande kommunestyret. Alle som tok ordet takka kvarandre varmt for innsatsen og for godt samarbeid. Avtroppande ordførar Margrethe Svinvik fekk mange rosande ord, både fra partifeller og andre representanter.