Kommunestyremøte i Surnadal torsdag

Et kommunestyremøte.

– Rammene er meir enn stramme!

Torsdag var det kommunestyremøte i Surnadal, der det mellom anna vart gjort vedtak om budsjett for 2025, økonomi- og handlingsplan. Ifølge økonomisjefen er budsjettrammene meir enn stramme, og det er ikkje lagt inn rom for uforutsette hendingar.

Publisert Sist oppdatert

Saksdokumenta til møtet finn du på Surnadal kommune si heimeside, og på KommuneTV kan du sjå opptak av heile møtet.

Vil ta imot fleire flyktningar

I saka om mottak av flyktningar hadde hovudutval for tenesteutvikling innstilt på busetting av 40 flyktningar i 2025, og at fem av desse skal vere einslege mindreårige over 15 år. 

Nils Petter Tonning (Frp) la fram forslag om å ikkje ta imot flyktningar i 2025. Han begrunna dette med at kommunen ikkje får dekt alle kostnadane som følger med mottak av flyktningar. 

Fleire representantar etterlyste meir utfyllande informasjon om korleis det har gått med dei flyktningane som har kome til kommunen tidlegare, kor mange av dei som er i jobb osv.

Hovudutvalet for tenesteutvkling si innstilling om å tta imot 40 flyktningar vart vedteke med 23 mot fire stemmer.

Ekstern hjelp i omstillingsarbeidet

Kommunestyret behandla og ei sak om ekstern prosesstøtte i omstillingsarbeidet i kommunen. Her ba kommunedirektøren om fullmakt til å beslutte kven som skal vere ekstern samarbeidspartner i den kommande omstillingsprosessen. Kostnadsramma for dette var sett til inntil kr. 500.000,-, totalt for åra 2025 og 2026, og forslaget gjekk ut på at kostnadane skulle dekkast av fond. 

Ole Joar Karlstad Bruset (H) la fram eit endringsforslag om at kostnadane til prossesstøtte skal dekkast av budsjettramma til sentraladministrasjonen. Dette vart einstemmig vedteke.

Kjell Larsen (MdG) la fram forslag om eit tilleggspunkt om at det skal gjennomførast ei kompetansekartlegging i starten av omstillingsarbeidet, og at det blir lagt ei plan for å dekke behovet for rett kompetanse. Tilleggsforslaget vart einstemmig vedteke.

Et kommunestyremøte.
Kommunestyremøte Surnadal 19. desember 2025

Endra møteplana

Møteplan for 2025 sto og på sakslista. Her vart det vedteke nokre endringar og tillegg. Fleire representantar meinte at det trengs litt fleire møte enn det kommunedirektøren hadde foreslått, og at ein heller får spare inn på andre måtar, for eksempel ved å ha møte på kveldstid.

Aukar eigedomsskatten

I saka om fastsetting av eigedomsskatt kom formannskapet med ei innstilling om å auke eigedomsskatten til 4 promille. 

Nils Petter Tonning (Frp) la fram forslag om ikkje å auke eigedomsskatten, altså å halde den på same nivå som i dag. 

Mange av dei andre kommunestyrerepresentantane gjekk på talarstolen og sa at de ikkje likte å stemme for å auke eigedomsskatten, men at det er nødvendig i den situasjonen kommunen er i no. 

Formannskapet si innstilling vart vedteke med 25 mot to stemmer.

Ikkje noko mål å kutte årsverk

I saka om budsjett, økonomi- og handlingsplan starta kommunedirektør Lars Inge Kvande sin presentasjon med å vise ei overskrift frå ei lokalavis på skjermen, der det sto at han har lagt fram ei plan med mål om å kutte ned 40 årsverk i kommunen. Kvande understreka at det ikkje stemmer at det er eit mål i seg sjølv for kommunedirektøren å kutte 40 årsverk. Han presiserte at målet er å ha ein berekraftig økonomi, som mogleggjer at kommunen framover kan yte gode nok tenester og gjere gode og naudsynte investeringar i tida framover. Ein reduksjon i antal årsverk er eit verkemiddel for å nå dette målet.

Kommunedirektøren orienterte om tiltakslista som er sett opp for omstillingsprosessen i kommunen. Han forsikra at kommunestyret sitt budsjettvedtak vil bli følgt opp tett. 

Et kommunestyremøte

Forprosjekt for helsehus

Kommunen er no inne i ein forprosjektfase når det gjeld planlegging av nytt helsehus. Ifølge kommunedirektøren er det gjort et godt stykke arbeid med kartlegging så langt, og han orienterte om korleis det skal arbeidast vidare med denne saka framover. Plana er å ta ei avgjerd om eventuell bygging våren 2026. Kvande  påpkeia at det er fleire moglegheiter til å trykke på stoppknappen fram til da. Han snakka og litt om moglege konsekvensar av å utsette igangsettinga av prosjektet, for eksempel med eitt år.

– Vi må jobbe knallhardt!

Økonomisjef Vibeke Langli orienterte litt om demografi og demografiutvikling, som dannar grunnlaget for beregning av kommunen sine statlige inntekter. Det blir fleire eldre som har behov for kommunale tenester i åra som kjem, så utgiftene til eldreomsorg vil auke, samtidig som det blir færre arbeidstakarar som kan yte desse tenestene.

Økonomisjefen orienterte og litt om planlagte investeringar, og forventa inntekter og utgifter i 2025. 

– Vi må jobbe knallhardt i 2025 for å klare å halde budsjettrammene, og det trur eg alle einingane er klar over. Rammene er meir enn stramme. Vi har eigentleg ikkje rom for nokon uforutsette hendingar, understreka Langli.

Brukar opp disposisjonsfondet

Økonimisjefen varsla at kommunen sitt disposisjonsfond truleg vil bli brukt opp i inneverandre år, og budsjettet for 2025 går i null. Det er altså ikkje budsjettert med verken bruk av disposisjonsfond eller avsetning til disposisjonsfond neste år.

Det kom fleire innlegg i saka, og det vart lagt fram fleire endringsforslag og tilleggsforslag til budsjett, økonomi- og handlingsplan. Sjå heile debatten på KommuneTV.

Powered by Labrador CMS