Surnadal kommune:

Kommunedirektøren orienterte om den økonomiske situasjonen
Surnadal kommune sin årsrekneskap for 2024 vart offentleggjort for eit par veker sidan, og meirforbruket på 35 millionar kroner var betydeleg større enn mange hadde forventa. Tysdag kveld vart det gjennomført ei ekstra utvida formannskapsmøte, der alle partia som er representerte i kommunestyret fekk meir informasjon om rekneskapstala.
I innkallinga til møtet heiter det at det er kalla inn til eit ekstra møte for «eit utvida formannskap», det vil seie formannskapet og representantar for partia MdG og Rødt, pluss tre hovudtillitsvalde og hovudverneombodet.
Fra innkallinga:
Årsrekneskapen til Surnadal kommune for 2024 viser eit stort udekka meirforbruk. Det er semje om at den økonomiske situasjonen er krevjande og alvorleg. Og det er difor kalla inn til eit ekstra møte for å gje eit utvida Formannskap ei orientering, og moglegheit til å stille spørsmål mv.
Den vidare formelle handsaminga av årsrekneskapen vil skje i tråd med vanleg saksgang.
Sjå orienteringa på Kommune-TV:
Annonse
(Det verkar som dei første minutta er utan lyd.)