Kommunestyret i Surnadal
Knapt fleirtal mot utgreiing av nasjonalpark
I kommunestyremøtet i Surnadal torsdag vart det debatt rundt spørsmålet om utgreiing om utviding og endring av verneform av Trollheimen landskapsvernområde.
Saka har tidlegare vore oppe i hovudutvalet for tenesteutvikling, som la fram si innstilling til kommunestyret. Innstillinga var slik:
"Surnadal kommune støttar ikkje at det blir sett i gang utgreiing av å endra verneform av Trollheimen landskapsvernområde og Svartåmoen naturreservat til nasjonalpark. Surnadal kommune støttar ikkje at det skal setjast i gang utgreiingar om å utvida det verna arealet ved Trollheimen landskapsvernområde."
Fleire inhabile
Sju av kommunestyrerepresentantene ba om vurdering av habiliteten sin i saka, av ulike grunnar. Kommunedirektøren hadde rådført seg med advokatar i KS om habilitetsspørsmåla, og han bruka litt tid på å forklare bakgrunnen for tilrådinga han la fram, når det gjaldt habilitet for kvar enkelt av representantane. Her er det tvil, og rom for skjønn, og det er uansett kommunestyret som avgjer habiliteten i kvart enkelt tilfelle.
Kommunedirektøren hadde kome fram til at ingen av kommunestyrerepresentantane er part i saka i denne sammenhengen. I dette tilfelle skulle det berre avgjerast om saka skal sendast til utgreiing hos Statsforvaltaren. Da er det ikkje grunnlag for å seie at saka direkte gjeld grunneigarane, og dei er dermed i utgangspunktet ikkje part i saka. Det er likevel eit spørsmål om det er såkalla «særegne forhold», som kan svekke tilliten til representantane. Kommunedirektøren innstilte derfor på at berørte grunneigarar som har signert oppropet mot utgreiing av ny verneform, eller representantar som er gift eller sambuar men en grunneigar som har signert, skulle erklærast inhabile.
Det vart stemt over habiliteten til kvar enkelt av representantane. Hugo Pedersen (SP), Jan Henrik Moen (SP), Kristin Nyhagen (H), Mette Helen Strand Mikkelsen (H) og Kjell Gunnar Polden (MdG) var einstemmig erklært inhabile i saka, etter kommunedirektøren si tilråing. Kommunedirektøren tilrådde at Helge Røv (AP), som er nestleiar i verneområdestyret for Trollheimen, og Gøran Bolme (SP), som er deleigar og tilsett i bedrifta iTrollheimen AS, var habile, og kommunestyret erklærte dei to einstemmig habile i saka.
Dei to Senterpartirepresentantane som var inhabile vart erstatta av vararepresentantar. Dei andre tre inhabile representantane hadde ikkje vara.
Annett Ranes (AP) var ordførar i saka, sidan ordføraren var inhabil, og Silje Beate Holten (SP) vart valt til settevaraordførar.
Mykje er usikkert
Saka vart lagt fram av miljøvernkonsulent Staffan Sandberg, og av verneområdeforvaltar Hege Sæther Moen. Verneområdeforvaltaren var stedfortredar for ein representant frå Statsforvaltaren, som hadde meldt avbud på grunn av det dårlege veret.
Sandberg presiserte at kommunestyret berre skulle ta stilling til om dei var positive eller negative til utgreiing av endring av verneform. Saka er altså ikkje eit spørsmål om ein meiner at det skal bli nasjonalpark eller ikkje. Han understreka at mykje enno er usikkert når det gjeld kva konsekvensar det får om Trollheimen blir nasjonalpark.
Staffan Sandberg viste óg til at kommunen har motteke ei liste med mange underskrifter frå berørte grunneigarar og familiemedlemmar til grunneigarar, som er imot ei slik utgreiing. Han sa og at mange er redde for ikkje å kunne bruke områda som før, og at det ikkje gjeld berre grunneigarar, men óg dei som driv med friluftsliv.
Hege Sæther Moen understreka at ho la fram saka på vegne av Statsforvalteren sin representant, som vart forhindra frå å delta på møtet. Ho understreka óg at det ikkje er ho som er saksbehandler, og det er heller ikkje ho som har laga foredraget som ho la fram for kommunestyret, men ho kunne svare på spørsmål.
Moen sa at på eit så tidleg stadium veit ein enno ikkje heilt kva ei eventuell endring av verneform innebér. Ho sa at dersom det blir lokal aksept, og prossen bli sett i gang, så skal kommunestyret og grunneigarane vere involvert og ha medverknad heile vegen. Lokal aksept er avgjerande i alle faser av ein slik prosess. Ho påpeika óg at Trollheimen på mange vis blir forvalta som en nasjonalpark allereie i dag.
Utgreiing for delar av Trollheimen?
Sunndal kommune og Orkland kommune har sagt ja til utgreiing, og Rindal kommune har sagt nei. Det kan hende at Statsforvaltarane går vidare med ugreiing berre for dei kommunane som har gitt aksept. Men dersom det berre blir Orkland og Sunndal som er positive, så er det ikkje sikkert at Statsforvaltarane vil gå vidare med prosessen, sidan Trolheimsdelen av dei to kommunane er langt frå kvarandre geografisk. Ein svært stor del av Trollheimen høyrer til Sunndal, og det same gjeld for Surnadal, så Surnadal og Sunndal saman ville mest sannsynleg vere eit stort nok areal til å gå vidare med prosessen, sa Moen.
Dersom prosessen blir sett i gang for nokre av kommunene, så kan det bli opna for at dei andre kommunane kan melde seg på seinere, når ein veit meir om kva prosessen innebér.
Mildare eller strengare vern?
Ein eventuell prosess vil avgjere kva for område som kan bli innlemma i ein nasjonalpark, for det er ikkje alle områda i dagens landskapsverneområde som tilfredstiller kvaliteten til ein nasjonalpark.
Hege Sæther Moen sa vidare at dersom det blir ein prosess, så vil dei områda som blir klassifisert som landskapsvernområde mest sannsyleg få eit mildare vern enn det som er i dag, medan dei områda som får nasjonalparkstaus kan få strengare vern enn i dag på nokre område, for eksempel når det gjeld hogst. Men dette åpnar og for rett til erstatning, tilsvarande skog som blir meldt inn til frivillig vern. Ho sa at i nokre tilfelle kan vernet bli mildare og mindre byråkratisk, men ho understreka at ein enno ikkje kan seie sikkert korleis ei ny forskrift vil bli.
Hege Sæther Moen fekk spørsmål om det blir enklare å få ei ny vurdering av verneområdeforskrifta dersom kommunestyret vedtek å setje i gang ei utgreiing no, men stoppar prosessen i neste runde. Eller vil dagens forskrift for verneområdet fortsette å gjelde uansett? Dette med bakgrunn i at mange meiner at verneområdeforskifta som gjeld i dag er for streng. Moen sa at dette kunne ho ikkje svare sikkert på, men at ho trur at dersom prosessen blir sett i gang så kan det bli enklare å få gjort nye vurderingar av verneområdeområdeforskrifta.
Lytter til grunneigarane
Mange representantar tegna seg for innlegg i saka. Fleire var bestemt på å stemme mot utgreiing. Dette vart begrunna med at Trollheimen er privat eigd, av mange grunneigarar, og at eit stort fleirtal av desse grunneigarane ikkje ønsker ei slik utgreiing. Andre representantar sa at dei ville stemme for ei utgreiing, fordi dei ønska å få meir kunnskap om saka.
– Saka fortener ein runde til
Gøran Bolme (Sp) fremma eit nytt forslag. I dette forslaget sto det mellom anna at Surnadal kommune er positiv til å innhente auka kunnskapsgrunnlag med utgreiing av endra verneform for delar av Trollheimen landskapsvernområde til nasjonalpark. Det sto óg at store område bør vidareførast som landskapsvernområde, at kommunen ikkje ønsker utgreiing om utviding av verna område, at kommunestyret etterlyser ei oppmjuking av reglane for landskapsvernområdet, og at dei ønsker involvering av politikarar, grunneigarar og innbyggarar i den vidare prosessen. (Teksten i forslaget er forkorta, red. anm.)
Gøran Bolme påpeika at kommunane har fått mange innspel i saka frå aktørar som ikkje vil ha nasjonalpark. Han presiserte at det ein talar om no er berre eit auka kunnskapsgrunnlag, og det er alt anna enn ei avgjerd om nasjonalpark. Han sa at han ønska å vri diskusjonen over til spørsmålet om det finst eit molglegheitsrom som kan føre til noko betre, både for rettighetshavarar, brukarar, bygda og naturen.
Bolme la fram ei mogleg "skisse", ei teoretisk tilnærming, med delar av Trollheimen, for eksempel over tregrensa, som nasjonalpark, og alt under tregensa som landskapsvernområde. Dette kan utløyse ei muleg liberalisering av dagens landskapsvernforskrift, sa han, og nevnte fleire moglege eksempel på det.
Han påpeika at det enno sto att fire fulle retrettmogleheiter, og meinte at ei såpass viktig sak fortjener i alle fall ein runde til med innhenting av kunnskap om moghetheitsrommet.
– Dersom utgreiinga ikkje gjer dei svara vi ønsker, så kan vi trekkje oss ut og halde fram som i dag, sa han.
Fleirtalet gjekk imot utgreiing
Kommunestyret gjekk til votering, og hovedutvalget sin innstilling vart vedteke med 13 mot 11 stemmer.
Det vart altså eit knapt fleirtal for ikkje å gå vidare med utgreiing om endring av verneform i Trollheimen.
Oppdatering: Det tok litt tid før opptak av denne debatten kom opp på KommuneTV, men no er det på plass, så ein kan sjå heile debatten.
Trollheimsporten kjem med meir frå dette kommunestyremøtet, men opptak av heile møtet er tilgjengeleg på KommuneTV.