Kommunestyremøte i Surnadal

En mann på talerstolen i et møterom.

- Ingen tvil om at det er krevande tider

Torsdag var det møte i kommunestyret i Surnadal. På agendaen sto mellom anna ei orientering om kommunen sin økonomi så langt i år. Lista over utvalgssaker var langt, og det var sakene om krisepakke til Surnadal alpinsenter og busetjing av mindreårige flyktningar som vekte størst engasjement blant politikarane.

Publisert Sist oppdatert

Opptak frå møtet er lagt ut på Kommune-TV, og saksdokument finn ein på Surnadal kommune si heimeside.

Ordføraren og kommunedirektøren stilte i lyseblå t-skjorter med logoen til NRK sin TV-aksjon 20. oktober. I år er innsamlinga til inntekt for Barnekreftforeningen. 

Tre personer foran andre møtedeltakere i et møterom.
Kommuendirektøren og ordføraren stilte i t-skjorter frå TV-aksjonen 2024. Varaordførar Annett Ranes hadde meldt forfall, og Silje Beate Holten vart valt til settevaraordførar

Store budsjettavvik på dei fleste einingane

Kommunedirektør Lars Inge Kvande og økonomisjef Vibeke Langli la fram ein kort rapport om den økonomiske situasjonen i kommunen. Den fullstendige tertialrapporten kjem i oktobermøtet. Økonomisjefen sa at i tida frå første tertial til no har fleire eniningar meldt at de ikkje klarar å halde seg innanfor budsjettramma. Det er store avvik på dei fleste einingane, og til dels store avvik på nokre einingar, sa ho. Dei største avvika kjem på løn og innleige av vikarar, sosialhjelp, fleire einetiltak, og ikkje minst høgare løns- og prisvekst enn det som vart lagt til grunn i budsjettet.

– Vi har ikkje fått på plass alle detaljer enda, så det er vanskeleg å talfeste kva resultatet blir. Men vi kjem til å ende på eit veldig stort meirforbruk, det kan eg seie allereide. Vi endar nok på godt over 10 millionar kroner, kanskje 15 millionar, i meirforbruk på andre tertial, sa Langli.

Ei dame på talerstolen foran flere personer i et møterom.

Effekten av innsparingar kjem i tredje kvartal

Kommunestyret vedtok ein del innsparingstiltak i sitt møte i juni. Desse tiltaka er sett i verk, men dei fleste av desse tiltaka får ikkje verknad før i tredje tertial, sa økonomisjefen. Ein er no i gang med reduksjon av stillingar i kommuneadministrasjonen, i teknisk drift og i andre einingar. Tenestesamarbeid med Rindal kan ikkje gjennomførast i 2024, og det er framleis usikkert, men kommuneadministrasjonen arbeider vidare med mulegheiter for interkommuneale samarbeid på ulike felt. I junimøtet vart det vedteke å auke det kommunale  gebyret på vatn. Ein del av den auka inntekta på gebyr på vatn er bokført i august. Kommunestyret sitt vedtak om at berre eldste barn skal betale for kantine i skulen har gjort at innsparinga på kantinetilbudet ikkje vart så stort som det som først var berekna. Økonomisjefen påpeika at alt dette gjer at endringa i busjettet ikkje blir på 9,65 millionar kroner, som var vedteke, men nærare 8,9 millionar kroner.

–  Effekten av innsparingstiltaka kjem no i tredje tertial, og det vil forhåpentleigvis gjere at vi ser eit betre resultat ved årets slutt enn ved andre tertial, sa ho.

Kritiske vurderingar

Langli opplyste at det no er slik at alle tilsettingar i kommunen må godkjennast av kommunedirektøren. Det blir gjort ei kritisk vurdering av alle innkjøp. Ein har satt på bremsane ganske kraftig, sa ho. Det same gjeld for overtidsarbeid og vikarinnleige. Dette blir og vurdert kritisk i alle tilfelle. I tillegg bli det kutta i velferdstiltak, slik  at det ikkje blir noko felles arrangement i år. Det ligg likevel inne ein del velferdsmidlar i kva enkelt av einigane, så nokre velferdstiltak har vore og vil bli gjennomført. 

I tillegg til dette ba administrasjonen kommunestyret om eit mandat eller signal om å ikkje igangsette investeringar som ikkje vert vurdert som kritisk viktige å gjennomføre i 2024, dersom formelle prosessar med utførandre parter ikkje har starta. Vidare sa Langli at ein må kome tilbake til investeringane i tertialrapporten.

– Det er krevende tider, det er det ingen tvil om. Vi jobbar på spreng for å finne løysingar på dette, og vi håpar at kommunestyret hjelper oss litt på vegen, avslutta økonomisjefen.

Sender reguleringsplana med innsigelser

På lista over referatsaker sto mellom anna kommuneplanen sin samfunnsdel og sluttbehandling av reguleringsplan for Vollan boligfelt. Reguleringsplana vart vedteke, og blir no sendt til Kommunal- og moderniseringsdepertementet for endeleg avgjerd, med innsigelsane fra NVE og frå Statsforvaltaren.

Flere personer i et møterom.

Ikkje i strid med vedtektene

Kommunestyret behandla og framlegget om krisepakke til Surnadal alpinsenter AS. Saka vart lagt fram av næringsjef Harald Bredesen. Formannskapet har gjort eit vedtak i denne saka, som no var tilråinga til kommunestyret. 

Kontrollutvalet hadde møte tysdag, og dei hadde stilt ein del spørsmål, mellom anna om dei foreslåtte tilskota til Surnadal alpinsenter er i tråd med næringsfondet sine vedtekter, som seier at det ikkje kan gis støtte til løpande drift. Næringssjefen forklarte ein del rundt dette, og forsikra kommunestyret om at det ikkje er i strid med retningslinene til næringsfondet å bruke midlar frå næringsfondet i dette tilfellet. Det er heller ikkje i strid med loven, og ikkje i strid med EØS-regelverket. Kommunedirektør Lars Inge Kvande sa at det er større handlingsrom i bruken av næringsfondet no enn det var da fondet vart oppretta.

Krisepakke til alpinsenteret - Ei vanskeleg sak

Fleire representantar tok ordet i saka, og nokre av dei la ikkje skjul på at dei føler at dette er ei svært vanskeleg sak no når kommunen er i ein anstrengt økonomisk situasjon. Fleire uttalte at dei vil kreve betre rapportering med rekneskap og budsjett frå alpinsenteret. Men alle sa at dei ønsker å behalde alpinsenteret.

Kristin Nyhagen (H) la fram eit forslag frå Høgre om å utsette saka til styret for alpinsenteret har lagt fram oppdatert rekneskap, driftsbudsjett for 2025 og oppdatert investeringsbudsjett. Dette forslaget vart nedstemt. Det var 9 stemmer for, og 16 stemmer mot.

Gøran Bolme (SP) la fram eit endringsforslag frå SP, AP og Rødt med nokre justeringar i teksten, og tidsfristar for når alpinsenteret må legge fram budsjett for 2025 og 2026, og strategi for å auke inntektene. Dette vart vedteke, med 23 stemmer for og 2 stemmer mot.

Kjell Gunnar Polden (MDG) la fram forslag om å utsette vedtaket om tilskot til drifta (punkt 1 i saksframlegget), og sette ned eit utvalg for å sjå på eigarstruktur og driftsform for selskapet. Dette vart nedstemt med 17 stemmer mot, og 8 stemmer for.

Dermed endte det med ordlyden i fellesforslaget frå SP, AP og Raudt. Dette vart til slutt vedteke med 23 stemmer for og 2 mot.

Mange personer i et møterom.

Busetting av einslege mindreårige

Ei anna viktig sak på dagens agenda var busetting av einslege mindreårige flyktningar. Kommunedirektøren hadde i utgangspunktet innstilt på at kommunen skal ta imot inntil fem einslege mindreårige flyktningar, ut over dei 55 flyktningane som har kome til kommunen i 2024. Kommunedirektøren har og bedt om fullmakt til å inngå avtale med Nordmøre Folkehøgskule om skuleplass, kost og losji for dei mindreåringe flyktningane i inneverande skuleår. 

Saka har tidlegare vore oppe i hovudutvalet for tenestutvikling, der fleirtalet gjekk imot innstillinga til kommunedirektøren. Det var hovudutvalet si innstilling som vart lagt fram for kommunestyret, altså ei innstilling om ikkje å ta imot einslege mindreårige.

Positive erfaringar frå før

Saka vart lagt fram av kommunalsjef for oppvekst Kenneth Bergstad. Han sa at dei kommunen eventuelt skal ta imot fyller 18 år i løpet av det inneverandre skuleåret. Det ligg til grunn at dei må bli i kommunen i minst fem år. 

Det er lagt opp til eit skuleår på Nordmøre folehøgskule, der flyktningane vil få god oppfølging døgnet rundt, også i feriane. Året etter kan det vere mulegheit for eit år til på skulen som praktikant, for dei som sjølv ønsker det og er i stand til det. Etter eit eller to år på folkehøgskulen går dei inn i det vanlege introduksjonsprogrammet med voksenopplæring og integrering i kommunen.

Kommunen gjennomførte eit liknande opplegg i samarbeid med NoFo for nokre år sidan, og erfaringane er positive. Nokre av flyktningane som kom den gongen er i fast jobb no, og nokre studerer, sa Bergstad.

Mange personar i eit møterom.

Godt nok spesialtilpassa apparat?

Fleire representantar tok ordet i saka. Eit par av dei sa at dei stemte imot i hovudutvalet fordi dei følte at dei hadde fått for lite informasjon, mellom anna om kommunen har gode nok ressursar for oppfølging av flyktningane. Det vart påpeika at det er utfordringar med kapasiteten i det lokale barnevernet. Nokre meinte at kommunen ikkje har eit godt nok spesialtilpassa apparat, slik IMDi krev for denne gruppa av flyktningar. Det vart og sett spørsmål om kommunen har godt nok boligtilbud til dei. Andre meite at Surnadal kommune har eit godt spesialtilpassa apparat, samalikna med mange andre kommunar som tar imot einslege mindreårige. 

Bente Mosbakk (AP) framma, på vegne av Arbeiderpartiet, kommunedirektøren si innstilling for kommunestyret. Dette vart sett opp mot innstillinga fr hovudutvalet for tenesteutvikling. Forslaget fra AP vart vedteke, med 19 mot 4 stemmer.

Ein mann på talarstolen i eit møterom.
Trond Skogseth, dagleg leiar for Todalsfjordprosjektet AS.

Todalsfjordprosjektet - eit tungt løft for fylkeskommunen

Kommunestyret fekk og ei orientering om Todalsfjordprosjektet ved Finn Gjerull Rygh, direktør ved Oslo Economics. Todalsfjordprosjektet AS har fått utvikla ein finansieringsmodell for prosjektet i samarbeid med Oslo Economics. Trond Skogseth, som er dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet AS, sa at dette kan vere til hjelp for å få ei betre oversikt over finansieringsbehovet og finansieringsevnen for prosjektet. Todalsfjordprosjektet er ikkje eit sjølfinansierande prosjekt, og har derfor behov for finansieringstilskot frå vegeigar, som er Møre og Romsdal fylkeskommune, og eventuelt frå andre kilder. Skogseth påpeika at dette prosjektet er eit tungt løft for ein fylkeskommune med pressa økonomi. Derfor har Todalsfjordprosjektet AS dei siste åra fokusert på å synleggjere kva ein reduksjon i størrelsen på investeringa vil bety for finansieringa, og dermed kanskje og realiseringsevnen til prosjektet. 

Det er sjølvsagt mykje usikkerheit rundt økonomien til fylkeskommunen i åra framover, men finansieringsmodellen viser at det berre er dei aller mest optimistiske anslaga som gjer det mogleg for fylkeskommunen å gjennomføre ei investering på denne størrelsen. Rygh sin konklusjon, i det mest sannsynlege bildet, er at hvis fylkeskommunen skal finanisere Todalsfjordprosjektet med dei kostnadane som ligg inne no,  så vil det enten vere umogleg, eller så må fylkeskommunen prioritere bort alle andre prosjekt i ein periode på 50 år framover. 

– Ein kan kanskje ha ulike meininger om dette er realistisk, men eg vil i alle fall påstå at det vil være ei ganske krevande avgjerd for fylkeskommunen å ta, sa Rygh.

Anbefaler å finne ei billigare løysing

Vidare påpeika han at dette viser at dersom det skal vere realistisk å få gjennomført prosjektet, så er det i alle fall viktig å prøve å dra kostnadane ned. I den grad det går an å finne løysingar som er mindre kostbare, gjerne både når det gjeld investering og drift, så vil det bidra til å redusere belastninga på fylkeskommunen, og dermed gjere det meir realistisk å få finansiert prosjektet.

– Det er sjølvsagt mykje usikkerheit her, men slik eg opplever det , så ser det ut til at det er eit ganske stort gap mellom det fylkeskommunen har rom til å bere, og kva som er nødvendig for å finansiere Todalsfjordprosjektet, slik som det ser ut i dag. Vi vil anbefale å jobbe hardt for å finne alternative løysinger som dreg ned kostnadane, for det ser svært krevande ut å finansiere det prosjektet som no ligg føre, avslutta Rygh.

Powered by Labrador CMS