Formannskapsmøte i Surnadal

Følelsesladd debatt om skulestruktur
Onsdag var det formannskapsmøte i Surnadal, der den viktigaste saka handla om den økonomiske situasjonen i kommunen, og behov for ytterlegare innsparingstiltak. Mange foreldre til skulebarn i kommunen møtte opp for å følge debatten og behandlinga av denne saka
Kommunedirektøren hadde lagt fram ei innstilling om samanslåing av alle skulane i kommunen i sentrum, og dette er naturlig nok ei svært viktig sak, ikkje minst for alle som har barn i skulealder.
Saksframlegget i denne saka, og dei andre sakene på sakslista, finn ein på Surnadal kommune si heimeside, og heile møtet kan ein sjå på Kommune-TV. Vi har ikkje klart å referere alt som vart sagt i møtet, så vi anbefaler å sjå opptaket for å få eit heilheitleg inntrykk av debatten.

Kommunedirektøren henta fram att "peikefingeren" sin, som han tidlegare har vist fram i HVPU. Han sa at denne meldinga går til heile lokalsamfunnet, og spesielt til ledarane i kommunen og dei folkevalgte, om å vere bevisst på si rolle og tenkje over korleis dei uttalar seg. Kommunedirektøren sa at han tek opp dette på grunn av tilbakemeldingar han har frå medarbeidarar. Han presiserte at det ikkje ligg nokon skjult trussel i dette, han berre sier kva han meiner. Kommunedirektøren henviste til Henrik Syse sitt foredrag på næringslivsdagen, om noko så banalt som inne- og utestemme. Dersom krevande saker skal diskuterast, så ein sette seg ned face to face, og snakke saman på ein sakleg og god måte. Facebook er ein "ropeplass", og da må ein bruke det til det det passar til.
Ordføraren på si side uttalte at han har registrert kommentarar om seg sjøl på facebook, og minna om at døra på ordførarkontoret står open, og det er lov å komme innom for ein kopp kaffe og ein prat.

Kommunedirektøren sa at med det store meirforbruket frå rekneskapen i 2024 er det nødvendig å finne enda fleire innsparingstiltak enn dei 13 punkta på tiltakslista som vart vedteke av kommunestyret i desember. Dette er eit forslag for å prøve å unngå å komme på ROBEK-lista, eller eventuelt for å være på ROBEK-lista så kort tid som mogleg, og for å finne eit handlingsrom for å gjere dei investeringane som trengs for framtida.
Kvande påpeika at situasjonen ikkje blir enklare framover. Befolkningsutviklinga er slik at ein stadig større del av innbyggarane kjem til å få behov for hjelp i framtida. Bakgrunnen for saka er å sikre ein at kommunen har ein berekraftig økonomi i framtida óg.
Kommunedirektøren viste utrekningane som ligg bak dei talfesta innsparingane ved å slå saman alle skulane. Ved samanslåing blir det anslagsvis fem ekstra klassar ved SUBUS, dersom alle elevane i kommune kjem dit. Den berekna potensielle innsparinga på drift av grunnskulane, dersom alle skulane blir slått saman, er berekna til 10,5 millionar pr år.
Ellers minna kommunedirektøren om at denne saka ikkje berre gjeld forslaget om samanslåing av grunnskulane, med at det er óg er tre andre punkt med innsparingsforslag. Det er mellom anna foreslått eit ekstra kutt på 800.000 kroner på kultureininga.

Annett Ranes (AP) stilte spørsmål om det er rett at den eventuelle innsparinga på 10,5 millionar kroner på grunnskule kjem i staden for, ikkje i tillegg til, dei innsparingane som er lagt inn på oppvekst i budsjettperioden frå før. Kommunedirektøren bekrefta at innsparinga på 10,5 millionar erstattar den tidlegare vedtatte innsparinga.

Trond Håskjold (H) sa at det er eit voldsomt ansvar som ligg på formannskapet denne dagen.
– Det er grunn til å merke seg at dette er ein situasjon som gjeld veldig mange kommunar. Nesten heile Møre og Romsdal er raudfarga no, og har hatt driftsunderskudd, sa han.
– Eg registrerer at det er stor oppslutning frå foreldre og frå folk som mer engasjert i grendene sine. Og eg er heilt sikker på at eg hadde sete saman med dykk dersom eg hadde hatt sjansen til å sjå på denne saka berre frå ei side. Men vi er pokka nødt til å få økonomien vår i orden igjen. Så langt han ingen kom med realistiske alternative forslag som er gjennomførbare, og som vil gi den nødvendige effekten. Så eg vil gå inn for kommunedirektøren si innstilling, med nokre små justeringar. Men eg vil ikkje dra nokon konklusjon i dag, om kva den utredninga skal medføre. Det må vi kome tilbake til når vi ser både konsekvensane og økonomien i dei forskjellige alternativa, sa Håskjold.

Gøran Bolme (SP) var den neste på talarstolen, og han var óg tydeleg i sin tale. Han sa at saka ikkje kan misforståast. Det står at formannskapet blir bedt om å tilrå ein prosess med å legge ned alle grendaskulane i kommunen, og samle alle grunnskuleelevane på SUBUS allereie frå skulestart 2026. Han sa at han synes at innstillinga er uforsvarleg, i ei sak som betyr så mykje for så mange av innbyggarane i kommunen.
– Dette er ikkje vegen vi bør gå! Dette har vi ikkje tid til, og ikke råd til, og vi må stoppe det no, sa Bolme.
Tar vi et kjapt blikk på avvik frå budsjettet dei siste åra, så er det ikkje grendaskulene vi skal begynne med. Vi må ta grep og justere organisasjonen over heile fjøla, før vi begynner å legge ned tenester. Skal vi snu skuta, ikkje minst i rett tid så må vi tørre å si at årsverk over heile organisasjonen må justerast.
Vidare påpeika Gøran Bolme at bestillinga var at det skulle kuttast på oppvekst, slik som i andre einingar, men at det ikkje skulle gå ut over kvalitet, og ikkje med sikte på å legge ned skular.
– Eg meier det siste vi bør gjere no er å polarisere Surnadalssamfunnet med ein irreversibel prosess, som vi ikkje eingong veit om verkar eller løner seg. Det vi har vore vitne til no er at representantar for samtlige foreldre og ungar i heile kommunen vår, både i sentrum og i grendene har gått saman om ei felles klar uttale. Og da tykkjer eg verkeleg at vi skal høre på dei, sa han.

Nils Petter Tonning (Frp) sa at han ikkje vil støtte forslaget om nedlegging av skular Han minna om at opplæringslova seier at i slike saker skal barnets beste vere eit grunnleggande hensyn, og det kan han ikkje sjå i denne saka. Han påpeika mellom anna at dersom grendaskulane forsvinn så stoppar tilflyttinga til grendene.
Trond Håskjold (H) repilserte:
– Vi skal ikkje legge ned tre grendaskular i dag, vi skal eventuelt starte utredning om skulestrukturen vår, og om vi eventuelt skal legge ned ein eller fleire skular. Eg har fått med meg at de ikkje vil vere med på pinkt 2, men eg klarte ikkje å få med meg kva som var alternativet dykkar til tilsvarande innsparing.
– Eg vil ikkje vere med på dette uansett. ROBEK blir det vel uansett. Dersom vi sender denne innstillinga til kommunestyret, da er vi i gang med å legge ned, svarte Tonning.
Bjørg Aa (H) påpeika mellom anna at sentraladministrasjonen gikk med 6 millionar i minus i fjor, og ein ser enno inga virkning av nedbemanning, på tross av at ein skulle tru at det er enkelt å budsjettere for denne avdelinga, meinte ho. Så langt i år har ein alleredei komme på eit meirforbruk på denne avdelinga på ein million. Dersom dette held fram, så blir det meirforbruk på denne avdelinga på same nivå som i fjor. Aa kom med ei rekkje forslag til kva som må skjerpast inn, og fleire forslag til innsparing.
– Vi må ha kontroll på budsjettet, vi må ha kontroll på kostnadane og inntektene. Det har vi ikkje per i dag. Endring i drifta er nødvendig, og antal årsverk må ned, sa ho.
Annett Ranes (AP) minna alle om at fleire av formannskapet sine medlemmar utfordra kommunedirektøren om å komme med ytterlegare tiltak i møtet den 11. mars.
– Det er det vi som har bedt om. Kommunedirektøren har svart ut det som formannskapet ba om. Dersom vi kjem på ROBEK så må desse tiltaka gjerast likevel. Da utsett vi berre prosessen, sa ho.
Vidare sa ho at dette ikkje er ei ferdig utreda sak, og at ho per i dag ikkje har nok grunnlag til å ta ei slik avgjerd. Ho sa at fleire fakta må på bordet først.
Trond Håskjold (H) forklarte at Surnadal kommune har, blant anna på grunn av kraftinntekter, hatt betre økonomi enn mange andre kommunar. Av den grunn har ein hatt råd til å ha grendaskulane og grendabarnahagane. I 2016 kom eit nytt inntekstsystem for kommunane, og med den nye nøkkelen mista Surnadal kommune dei tillegga kommunen hadde på grunn av interne avstandar i kommunen. Det tilsvarte eit tap på 20 millionar kroner på årsbasis. Vidare sa han at kommunen fekk fem år på å tilpasse seg den nye ordninga, men det vart ikkje gjort, og da kom smellen.
Håskjold la fram forslag frå Høgre om endingar i saksframlegget til at "det blir vurdert å samle all grunnskuleaktivitet...", "eventuell ny skulestruktur vert iverksett" og "...vert det iverksett arbeid med å vurdere strukturen".
Mette Helen Strand Mikkelsen (H) påpeika at hvis formannskapet seier nei til punkt 2 så må dei komme med andre kuttforslag. Ho kom med ei rekke forslag til kva ein bør sjå nærare på for å få til innsparing.

Jorid Aarvåg (AP) påpeika at tre av fire norske kommunar hadde meirforbruk i 2024.
– Vi må ned med 40 millionar for å komme i null, og vi må enda meir ned dei neste to åra for å ta inn det udekka underskotet vi hadde i 2024.
Ho sa at som forelder så tenkjer ho akkurat det same som dei andre foreldra som sit bak i salen, men ho må ha fleire hattar enn foreldrehatten.
– Vi vedtek ikkje å legge ned noko i dag, sa ho.
Trond Håskjold (H) sa at det har vore ganske vanleg i Surnadal dei siste åra at politikarane bestemmer kutt i budsjetta, og samtidig sender dei med kommunedirektøren ei helsing om at han ikkje får lov å endre på drifta, og slik kan det ikkje gjerast.
Gøran Bolme (SP) la fram eit alternativt forslag frå Senterpartiet og Framstegspartiet, med fleire tiltak for innsparing.
Trond Håskjold (H) påpeika at ein ikkje kan spare inn 10 millionar kroner med forslaget frå Senterpartiet og Framstegspartiet.
Det vart fleirtal for Håskjold sine forslag om omformuleringar i innstillinga. Senterpartiet og Framstegspartiet sitt forslag fall med 5 mot 4 stemmar. Innstillinga frå formannskapet til kommunestyret blir då kommuendirektøren si innstilling, med dei endringane som vart foreslått av Høgre.