Kommunestyret i Surnadal

Ei dame som står på talerstolen i et møterom med mange folk.

– Er vi klar over kva slags uvær vi styrer mot?

Onsdag denne veka var det kommunestyremøte i Surnadal, der mellom anna årsmelding for 2023 og budsjettregulering for første tertial i år sto på agendaen. Sitatet over er frå Kjell Gunnar Polden (MDG), og vi anbefaler lesarane å sjå heile budsjett-debatten på Kommune-TV.

Publisert

Lista over utvalgssaker var lang, med mellom anna årsmelding for næringsfondet for 2023, årsmelding for Surnadal kommune for 2023, tertialrapport for 1. tertial og budsjettregulering for 1. tertial og oppfølging av kommunestyret sitt innsparingstiltak i april.

Stor meirforbruk i 2023

Årsmeldinga for Surnadal kommune vart lagt fram av økonomisjef Vibeke Langli. Ho sa at det var svært høgt aktivitetsnivå i kommunen i 2023, og det var til dels store utfordringar i drifta. Sjukefråværet gjekk litt ned frå 2022, og korttidsfråværet er lågt, medan langtidsfråværet er høgt, sa ho. Alle einingane melder om at det er svært vanskeleg å skaffe nok vikarar.

I gjennomgangen av årsrekneskapen for kommunen viste økonomisjefen mellom anna til at lønskostnadane vart vesentleg høgare enn budsjettert, og at kostnader knytt til varer og tenester auka betydeleg gjennom fjoråret. Det endte med eit negativt netto driftsresultat på nesten 9,6 millionar kroner.

Langli viste ei oversikt over rekneskapstal fordelt på ulike einingar. Mange av einingane endte med meirforbruk i høve til budsjettet for 2023, men Langli framheva og at både sjukeheimen og bu- og aktivitetstenesta hadde betydeleg mindreforbruk.

Dei fleste einingane held budsjettet

Økonomisjefen la og fram tertialrapporten for første tertial i år, og forslag til budsjettregulering for først tertial. Tertialrapporten viser eit meirforbruk på netto driftsresultat på 166 000 kroner. Både driftsinntekter og driftsutgifter har vore høgare enn budsjettert. Sal av konsesjonskraft har gitt vesentleg høgare inntekter enn budsjettert, sa Langli. Ho påpeika at ein del kostnader kan ha kome tidligere på året enn det som var berekna i det periodiserte budsjettet. 

Dei fleste einingane har meldt at dei vil klare å halde seg innanfor rammene som er sett i budsjettet, men ikkje alle. Vaksenopplæring og integrering og NAV ser ikkje ut til å greie det. Tilskotet til norskopplæring er vesentleg redusert, og behovet for sosialhjelp veks. Heimetenestene og sjukeheimen må berekne store ekstra kostnader til innleie av vikarar frå vikarbyrå for å få gjennomført ferieavviklinga, så her må ein og rekne med eit betydeleg meirforbruk. 

Mange forslag til innsparing

Økonomisjefen sa at det no blir jobba kontinuerleg med innsparingar på alle einingar, både på kort og lang sikt.

I saka om budsjettregulering la kommunedirektøren fram forslag om å auke avgifta på vatn, abonnement og forbruk. Vidare foreslo kommunedirektøren å redusere stilling(ar) i sentraladministrasjon og teknisk drift, ved at alle ledige stillingar blir grundig vurdert før dei evt. blir lyst ut. I innstillinga vart det og foreslått å arbeide med å inngå tenestesamarbeid med Rindal og kommunar på Nordmøre, og å auke renteinntektene og inntekter frå sal av konsesjonskaft i budsjettet. Kommunedirektøren har og lagt fram mange andre innsparingsforslag. I kommunedirektøren si innstilling til budsjettregulering vart det lagt inn ekstra overføringar til vaksenopplæring og integrering, heimetenesta, sjukeheimen og NAV. I innstillinga var det og foreslått nedjustering av investeringar.

Ein mann som snakkar frå talarstolen i eit møte.
Kommunedirektør Lars Inge Kvande.

Kommunedirektør Lars Inge Kvande sa i sin presentasjon at trenden i Surnadal, som i mange andre kommunar, er at det blir færre barn og unge og fleire eldre, og at det da vil bli nødvendig å ta ned ressursbruk på oppvekst for å kunne auke ressursbruken på omsorg. Kostra-tal viser at Surnadal har høgare ressursbruk på grunnskule og barnehagar enn mange samanliknbare kommunar, som t.d. Rindal. Kommunedirektøren sto derfor fast på sitt forsalg om å sette i gang eit arbeid for å vurdere endringar knytt til framtidig struktur innafor oppvekst, og å vurdere endringar knytt til framtidig administrativ organisering.

Fleirtal for formannskapet si innstilling

Formannskapet hadde lagt fram si innstilling til budsjettregulering for kommunestyret. Den var ulik kommunedirektøren si innstilling på nokre punkt. Formannskapet ville mellom anna ikkje vere med på å sjå på strukturendringar innan oppvekst. I formannskapet var det einigheit om at dersom ein slik diskusjon skal kome ei gong i framtida, så skal det ikkje skje i ein budsjettprosess. Heile formannskapet si innstilling finn ei saksdokumenta på Surnadal kommune si heimeside.

Det vart ei del debatt om budsjettreguleringa i møtet. Denne kan ein sjå på Kommune-TV.

Trond Håskjold (H) la fram eit alternativt forslag i saka. Det viktigaste i dette forslaget var å avvente med endringar i tenesteproduksjon og tenestestader i oppvekstsektoren, men i staden intensivere arbeidet med å effektivisere dei administrative funksjonane i kommunen, inkludert mellom anna å utgreie og vurdere samanslåing av leiarfunksjonar i heile kommunen. I tillegg å senke dei generelle kvalitetskrava i produksjonen frå best i klassen til godt nok. Dette forslaget fall med 10 mot 17 røyster.

Kjell Larsen (MDG) la fram eit tilleggsforslag om at kommunestyret ber administrasjonen om å legge fram ei oversikt/liste over kva for einingar som reduserast med kor mange årsverk, i sum minimum 32 årsverk, og kostnadsreduksjonar, kva det krever og eventuelle konsekvensar.

Dette vart vedteke med 16 røyster for og 11 mot.

Opptak frå møtet kan ein sjå på Kommune-TV, og protokollen vil bli offentleggjort på Surnadal kommune si heimeside. Trollheimsporten anbefaler lesarane å sjå og høyre heile debatten på Kommune-TV, særlig framlegget og debatten i budsjettreguleringssaka.

Ein mann som snakkar frå talarstolen i ei forsamling.
Nils Petter Tonning la fram bekymring frå frivillige som stiller opp for flyktningar.

Bekymring frå frivillige

Eit av dei første innslaga i møtet var spørrekvarteret. Nils Petter Tonning (Frp) brakte fram eit spørsmål frå frivillige som stiller opp for å kjøre flyktningar som bur i grendene og ikkje har bil sjølv. Ofte bli desse frivillige ein av få trygge kontaktpersonar for flyktingane, og dei opplever rett som det er å bli kontakta når flyktningane har spørsmål og problem som må løysast. Dette slit mykje på dei frivillige, sa Tonning. Dei er fortvila, og lurar på om kommunen har ei løysing for å ta imot slike henvendelser. Kommunedirektøren svarte at kommunen må bli betre på dette, og at han er svært takksam for alle frivillige som stiller opp.

Powered by Labrador CMS