Kommunestyremøte i Surnadal

Seks personer på en parkeringsplass.
Kommunestyret på befaring på sjukeheimsområdet.

Einstemmig vedtak om helsehus

Torsdag var det møte for kommunestyret i Surnadal, med fleire interessante orienteringar, befaring og val av konsept for helsehus.

Møtet starta med orientering frå ungdomsrådet ved Åsmund Humberset og Thor Alfred Sæter Lediard, og ei orientering frå eldrerådet ved leiar Magnus Kristian Bævre. Det var og orientering om drift og utvikling ved ReMidt IKS, ved adm. dir. Bård Olav Sugustad. 

Flere personer som ser på et kart på et lerret på veggen.
Kart som viser vegane som er planlagt utbedra gjennom Orkdalspakken.

Utbetring av vegar i Orkdalspakken

To representantar frå Trøndelag fylkeskommune kom for å orientere om Orkdalspakken. Siri Solem er planprosjektleiar for forprosjektet og Sissel  Bryne er seksjonsleiar for utredningsseksjonen i vegavdelinga hos Trøndelag fylkeskommune. Prosjektet Orkdalspakken kom i stand på initiativ fra næringslivet, som hadde, og fortsatt har, behov for betre vegar for transport av varer. Det har vore jobba med dette prosjektet sidan 2013, og arbeidet for betre vegar i regionen starta enda tidligare. Det er vedteke at arbeidet med Orkdalspakken skal omfatte strekninga frå Valset til Orkanger, vidare til Storås, og derifrå til Skei og til Berkåk. Kommunestyret fekk høyre om ulike alternativ for utbedring av vegane, og mulege bomstasjonar og bomsatsar. 

Fra et kommunestyremøte.
Økonomisjefen hadde ei orientering om økonomien i kommunen.

Stort meirforbruk

Økonomisjef Vibeke Langli heldt ei kort orientering om økonomisk status i kommunen, og viste foreløpige tal frå tertialrapporten. Den endelege tertialrapporten blir lagt fram i møtet i juni. Fleire av einingane har meirforbruk så langt i år. Den totale rekneskapen så langt viser at kommunen har eit meirforbruk på nesten 5,5 millioner på første tertial. Økonomisjefen påpeika at dette viser at driftsnivået er for høgt, og det må ein gjera noko med. Ho varsla at det blir mykje meir om økonomi i neste kommunestyremøte.

Mange mennesker som står ved et hus, i solskinn.
Kommunestyret på befaring på den eventuelle tomta for A+.

Einigheit om val av konsept for helsehus

Etter lunsj gjekk heile kommunestyret bort til Bårdshaug-området på befaring. På førre møte utsette kommunestyret saka om val av konsept for helsehus, for å få betre utredning av alternativ 3 (A3) og alternativ pluss (A+). På befaringa fekk dei sjå dei aktuelle tomtene.

Etter førre kommunestyremøte hadde plan og byggenemnda eit arbeidsmøte, der dei tok opp saka, og dei kom med ei meir konkret bestilling til administrasjonen på kva som skulle utredast meir grundig. Det gjeld mellom anna val av tomt, uforming av bygg, finansiering, utfordringar i byggerperioden, og utredning av alternativ bruk av langtids 1 og 2 og kåret etter at det nye bygget er teke i bruk.

Pål Ranes, som er prosjekt- og prosessledar for helsehuset, orienterte kommunestyret om dei nye utredningane.

A3 går ut på å bygge eitt nytt stort bygg på tomta der den eldste delen av sjukeheimen ligg i dag, med sokkel/kjellar og to etasjar over. Med tanke på ombygging og vidare bruk av dei eldre bygningane, så er dette alternativet det beste.

A+ går ut på å rive einebustadane bak bygget der heimetenesta held til, og sette opp ei nytt stort bygg på den tomta. Det vil bli eit ruvande bygg, og det blir trongt på tomta. Men her får ein alt i eitt bygg, med korte avstandar mellom avdelingane. 

Mange mennesker som står ved et hus, i solskinn.

Etter de nye utredningane har kommunedirektøren fått forsterka sitt syn på at A3 vil vere det beste. A3 kan eventuelt utvidast i neste trinn, for å auka effektiviteten i drifta. Plan og byggenemnda har anbefalt A3, og kommunedirektøren innstilte på A3.

Det vart presisert at dette er eit val av konsept, på eit overordna nivå. Detaljplanlegging av innhaldet i bygga kjem seinare i prosessen. Talet på omsorgsplassar er det og muleg å justere sienare.

Alle representantane som gjekk på talarstolen sa at dei ville stemme på alternativ 3, og det endte med eit einstemmig vedtak for alternativ 3.

Frå eit kommunestyremøte.

Ekstra løyving til sommarjobb for ungdom

Heilt på slutten av dagen fekk administrasjonen lov til å legge fram ei ekstra sak. Kommunedirektøren ba om ei ekstra løyving på inntil 200.000 kroner frå næringsfondet, til sommarjobb for ungdom. Dette for å kunne ta inn alle 17-åringane som har søkt om sommarjobb i kommunen, og sleppe å velge ut nokon ved loddtrekking. Pengane som var sett av i budsjettet er ikkje nok, for det er mange søkarar i år. Kommunedirektøren sa at kommunen har svært gode erfaringar med å ha ungdom i sommarjobb. Høgre la fram forslag om at pengane skulle tas frå den enkelte einiga der jobben blir utført, og ikkje frå næringsfondet. Høgre sitt forsalg fekk 7 stemmer, medan kommunedirektøren si innstilling fekk 18 stemmer og vart vedteke.

Saksdokumenta til møtet finn du på Surnadal kommune si heimeside, og du kan sjå opptak av heile møtet på Kommune-TV.

Powered by Labrador CMS