Dette er det nye kommunestyret i Surnadal
Surnadal kommune har offentleggjort valprotokollen for kommunevalet på kommunens heimeside.
Dette er representantane i kommunestyret i Surnadal for perioden 2023 - 2027:
Senterpartiet:
Lars Inge Kvande
Hugo Pedersen
Silje Beate Gulbrandsen Holten
Gøran Bolme
Mona Rita Brøske Rønning
Ragnar Halle
Jan Henrik Moen
Bergsvein Brøske
Vara:
Tina Hopstad
Sondre Ormset
Heidrun Kristine Solstad
Gunda Jorid Bele
Erling Solem
Nina Kolltveit Sæter
Høgre:
Ole Joar Karlstad Bruset
Trond Håskjold
Tor Rune Halset
Mette Helen Stand Mikkelsen
Arve Johansen Ervik
Bjørg Aa
Odd Magne Gulla
Vara:
Lars Joar Dalsegg
Ove Magne Aasen
Gry Mikkelsen Tellesbø
Kristin Nyhagen
Anders Vattøy Norman
Ola Magne Nordvik
Arbeidarpartiet:
Annett Ranes
Helge Røv
Jorid Aarvåg
Ingrid Bergheim
Øystein Halle
Eva Jorid Svendsen
Ken Marius Pedersen
Vara:
Odd Asbjørn Bævre
Axel Olav Otnes
Bente Mosbakk
Bjørn Gunnar Ansnes
Daniel Nicolaisen Haarstad-Bye
Emilie Brøske Rønning
Framstegspartiet:
Nils Petter Tonning
Hans Torslett
Vara:
Stine Larsen Faksnes
Tonje Larsen Faksnes
Miljøpartiet dei grøne
Kjell Johan Larsen
Kjell Gunnar Polden
Vara:
Espen Fougli Vraalsen
Ronny Thunestveit Aasgård
Raudt:
Håvard Fiske
Vara:
Heidi Gravvold Sæter
Roar Nes
Personstemmer og slengarar:
Det ser ut til at talet på personstemmer og slengarar er eit stort tema etter valet, derfor litt om det, og. Tala er henta frå Surnadal kommune sin valprotokoll.
Ole Joar Bruset, Høgre, fekk 333 personstemmer og 133 slengarar. Det er flest personstemmer og nest mest slengarar av alle listekandidatane i Surnadal ved dette valet. På lista over Høgre sine kandidatar ser vi vidare at Tor Rune Halset har fått 66 personstemmer og 20 slengarar, og Trond Håskjold har fått 66 personstemmer og 15 slengarar.
Kjell Larsen, MDG, var den som fekk flest slengarar. Han har 109 personstemmer og 206 slengarar.
På lista over Senterpartiet sine kandidatar ser vi at Gøran Bolme har fått 160 personstemmer og 60 slengarar. Lars Inge Kvande har fått 137 personstemmer og 52 slengarar. Hugo Pedersen har fått 149 personstemmer og 9 slengarar.
På lista over Arbeidarpartiet sine kandidatar ser vi at Annett Ranes har 139 personstemmer og 27 slengarar, Jorid Årvåg har 129 personstemmer og 95 slengarar, og Helge Røv har 105 personstemmer og 44 slengarar.
Dersom vi reknar rett er det MGD som har flest slengarar pr innvalt repesentant, med tilsaman 289 slengarar på dei to representantane som er innvalt i kommunestyret.
Til samanlikning har Senterpartiet tilsaman 284 slengarar på sine åtte innvalde repesentantar, Arbeidarpartiet har tilsaman 258 slengarar på sine sju, og Høgre har 203 på sine sju.