Annonse
Nominasjonsmøte i Møre og Romsdal SV
Møre og Romsdal SV avviklar sitt nominasjonsmøte i forkant av Stortingsvalet, laurdag 30. november 2024, kl 13.00. Dette skriv Møre og Romsdal SV i ei pressemelding torsdag.
Møtet blir halde på Fjellstova, Ørskogfjellet.
Nominasjonskomiteen foreslår Line Karlsvik, 46 år, frå Kristiansund, på førsteplass.
Line Karlsvik er ein erfaren politikar. Ho har fleire periodar som kommunepolitikar og har erfaring frå bystyre, formannskap og ulike utval. Engasjementet hennar for kommunepolitikk gjer at ho har god bakgrunn for å arbeide for betra vilkår for kommunane som stortingsrepresentant. Karlsvik er jurist med eigen advokatpraksis.