Møre og Romsdal Senterparti:

mann med grønn jakke
Sitjande stortingsrepresentant Geir Inge Lien har representert Senterpartiet på ein god måte dei siste 3 åra og fekk solid oppslutnad frå lokallaga i andre runde av nominasjonsprosessen.

Geir Inge Lien mot ny Stortingsperiode!

Senterpartiet melder:

Sitjande stortingsrepresentant Geir Inge Lien har representert Senterpartiet på ein god måte dei siste 3 åra og fekk solid oppslutnad frå lokallaga i andre runde av nominasjonsprosessen med heile 17 førsteplasseringar av 25 innkomne listeforslag.

På andreplass har nominasjonsnemnda sett opp Lisa Alvestad frå Haram. Ho har også solid oppslutnad frå lokallaga – og har gjort ein stor innsats som gruppeleiar i Ålesund og no i Haram kommune – samt markert seg som ein dyktig politikar på fylkestinget.

Senterungdommen sin kandidat Dordi Boksasp Lerum er innstilt på tredjeplassen på lista. Ho har også hatt mange verv i Senterungdommen sentralt, og greidd å markere seg på fylkestinget det siste året.

Lista er elles samansett med 7 kvinner og 7 menn og god aldersfordeling og geografisk fordeling og med allsidig erfaring frå yrkeslivet. Innstillinga er samrøystes.

Senterpartiet har i dag 2 representantar på Stortinget, og har gode ambisjonar om å gjere eit godt stortingsval også i 2025.

Nominasjonsnemnda i Senterpartiet i Møre og Romsdal har sett opp følgjande liste til Stortingsvalet:

1. Geir Inge Lien, Vestnes
2. Lisa Alvestad, Haram
3. Dordi Boksasp Lerum, Senterungdommen
4. Henrik Stensønes, Kristiansund
5. Paul Sindre Vedeld, Vanylven
6. Ingrid Waagen, Tingvoll
7. Odd Helge Gangstad, Molde
8. Svein Roksvåg, Smøla
9. Sølvi Dimmen, Volda
10. Tove Henøen, Hustadvika
11. Sevrin Dahle Sæterøy, Senterungdommen
12. Tove Halse Digernes, Ørsta
13. Lisa Mari Breivik Anderson, Ulstein
14. Erling Emil Laugsand, Averøy

Nominasjonsnemnda sitt forslag skal opp på nominasjonsmøtet i Senterpartiet i Møre og Romsdal i Molde 16. november.

Powered by Labrador CMS