Valg 2021:

Rakel Polden (t.v.) og Jorid Johansen Aarvåg.

Kan gå mot regjering­s­skifte

Prognosar frå valet tydar på at Jonas Gahr Støre kan bli Noregs statsminister etter valet. Fire parti kjempar mot sperregrensa.

Publisert Sist oppdatert

Det braut ut applaus på dei politiske partia si felles valvake på Musters i Surnadal, då valdagsmålingane klokka 21.00, og dei påfølgjande justeringane, viser at det kan gå mot eit regjeringsskifte.

Jorid Johansen Aarvåg og Rakel Polden, som sitt i kommunestyret i Surnadal for Arbeiderpartiet, tek likevel på ingen måte "seieren" på forskot.

– Vi tør ikkje stole på noko enno, mykje kan endre seg dei neste timane, seier Aarvåg.

– Det blir veldig spennande å sjå kva parti som endar over og under sperregrens. Det kan ha stor innverknad på valresultatet, seier Polden, og legg til:

– Men det ser jo ut som om det blir regjeringsskifte, og det er vi glade for.

Mandatfordelinga klokka 22.03, når 69 prosent av stemmene er talt opp, er ifølgje NRK slik:

Ap 47 mandat
H 36
Sp 29
FrP 19
Sv 12
R 8
KrF 7
V 7
MDG 3
Pasientfokus 1

Det betyr at Jonas Gahr Støre kan få ønsket sitt om ei regjering med Ap, Sp og SV oppfylt. Dei tre ligg per mandag klokka 22.03 an til å få 88 mandat. Fleire enn 84 mandat gjev fleirtal på Stortinget.

Powered by Labrador CMS