"Partybil" tok fyr på Hamnesvegen
Kl 00:32 natt til søndag meldte politiet i Møre og Romsdal på politiloggen at naudetatane hadde rykka ut til Hamnesvegen ved Bøvra etter melding om brann i ein russebil. Bilen varr overtent. Det var åtte personar i bilen. Alle var da ute av bilen, og tilsynelatande uskadd. Vidare skreiv politiet at det var mogleg at nokon har pusta inn litt røyk. Brannvesenet var i gang med slukking.
Kl 00:49 vart meldinga korrigert. Den aktuelle bilen var ikkje ein russebil, men ein "partybil" . To av personane som var i bilen vart sett til av ambulanse etter å ha pusta inn litt røyk.