NRK Møre og Romsdal: Tre menn sikta for å vere involvert i cannabis-plantasje i Surnadal
Ingen av mennene som er sikta for å ha deltatt i produksjon av cannabis i Surnadal, vedgår straffskuld. Onsdag blei endå ein mann fengsla i saka. Dette skriv NRK Møre og Romsdal onsdag kveld.
*Denne artikkelen er basert på/kopiert frå ein artikkel frå NRK Møre og Romsdal, publisert onsdag kveld. Les heile artikkelen på NRK Møre og Romsdal sine nettsider.
Politiet er svært tilbakehaldne med informasjon om cannabis-plantasjen som skal vere under opprulling i nordmørsbygda Surnadal, skriv NRK.
Men fleire rettsdokument viser at politiet dei siste dagane har pågripe og fengsla fleire menn – mistenkte for produksjon av cannabis i Surnadal. Og tysdag såg fleire bygdefolk at ei rekkje uniformerte og sivile politifolk aksjonerte.
Onsdag kveld blei endå ein mann fengsla i fire veker i Trøndelag tingrett. Det stadfestar mannen sin forsvarar, Tarjei Hugaas, til NRK. Han seier avgjerda truleg blir anka.
– Han vedgår ikkje straffskuld og seier han ikkje har noko tilknytning til saka, seier Hugaas.
Skal ha kome køyrande frå Trøndelag
I eit rettsdokument frå Frostating lagmannsrett kjem det fram at politiet allereie laurdag aksjonerte mot staden. Der skal det ha blitt funne narkotika, samtidig som to menn i 20-åra blei arresterte, skriv NRK.
Dei to kameratane kom laurdag køyrande frå Trøndelag. Den eine skal ha spurt den andre om skyss til Surnadal, og gitt han 2000 kroner for køyreturen.
Politiet mistenkjer at det blir produsert cannabis i Surnadal.
Fengsla i ei veke
Måndag fekk politiet medhald i retten for å fengsle passasjeren i bilen i ei veke med full isolasjon.
Det kjem fram i ei avgjerd frå Trøndelag tingrett, skriv NRK. Retten har lagt ned forbod mot å offentleggjere innhaldet i avgjerda, med unntak av konklusjonen.
– Min klient har sagt at han ikkje har gjort noko gale, og skjønnar ikkje kvifor han er trekt inn i saka, seier forsvararen hans, Steinar Wiik Sørvik til NRK.
Trønderen som var sjåfør blei lauslaten etter at Frostating lagmannsrett konkluderte med at det ikkje var grunnlag for å mistenkje han for å vere involvert.
Politiet er tilbakehaldne
Politiet aksjonerte på nytt tysdag og arresterte ein tredje mann, som altså blei fengsla i fire veker onsdag.
Politiet vil ikkje seie noko om kva dei fann denne gongen. Politiadvokat Magne Kalvik vil heller ikkje seie noko om kor mange som totalt er sikta i saka.
– Vi er heilt i starten av etterforskinga og det er fleire ballar som skal landast. Vi har behov for å halde korta tett til brystet til vi føler at vi har oversikt over faktum, dei involverte og relasjonane dei imellom, seier Kvalvik til NRK.