Ni personar oppstilt for fotogarfering.
Live Aakvik frå ungdomsrådet, varaordførar Annett Ranes, politikontakt Tor Hansen, fagleiar psykisk helse og rus Marit Meisingset, brannsjef Tor Arne Moen, ungdomskontakt Kristin Børset, Hans Christian Hårstad frå brannvesenet, Kristin Moen Sæterbø frå Natteravnane og ordførar Hugo Pedersen.

Ber om at foreldre og natteravnar stiller opp og tryggar nyttårsfeiringa

Det siste året har Surnadal kommune hatt ei arbeidsgruppe i sving for å sjå på korleis ein kan gjere nyttårfeiringa i kommunen tryggare. Arbeidsgruppa trur ikkje forbod mot fyrverkeri er vegen å gå, men håpar på hjelp frå foreldre og natteravnar, slik at alle får ei trygg og triveleg inngang på det nye året.

Publisert Sist oppdatert

Under nyttårsfeiringa i fjor skjedde det som kjent ei ulykke med fyrverkeri i rundkøyringa i Grytåfeltet, som endte med ein synsskade. Etter dette sette Surnadal kommune ned ei arbeidsgruppe for å sjå på korleis nyttårsfeiringa i kommunen kan gjerast tryggare. I denne gruppa har det vore med fleire representantar frå kommunen, politikarar, brannvesen og politi.

Ikkje den verste plassen å samlast

Varaorfører Annett Ranes har vore leiar i arbeidsgruppa. Ho fortel at dei har diskutert ulike tiltak, mellom anna om det skulle bli forbud mot oppskyting av fyrverkeri på enkelte plassar, og om det kunne vere aktuelt å organisera felles fyrverkeri. 

Gruppa har vore samstemt på at eit forbud mot fyrverkeri i rundkøyringa i Grytåfeltet ikkje er vegen å gå, i alle fall ikkje enda. Dei trur at eit slikt forbud berre ville ha forskyvd problemet til ein annan plass. Når det gjeld fysiske omgjevnader så er ikkje rundkøyringa den verste plassen å samlast for oppskyting av fyrverkeri. Det er eit stykke unna hus.

Foreldra må ta ansvar

Ved årets nyttårsfeiring vil politiet være på plass, så sant dei ikkje må ut på eit anna oppdrag. Det same gjeld brannvesenet. Det er sjølvsagt ingen garanti for at naudetatane ikkje må rykke ut på andre oppdrag, derfor vil det vere behov for at fleire stiller opp og følger med. Arbeidsgruppa vil derfor oppfordre foreldre til å stille opp der ungdommen samlast, og følge med på det som skjer. Dei håpar og at ein del natteravnar har moglegheit til å stille opp i dei gule jakkene sine. 

Ranes sier at det ikkje er ønskeleg med eit stort oppbud av politi der feiringa skal skje, for det kan gje inntrykk av ein alvorleg situasjon, og verke skremmande. Men nattravnar og andre foreldre som stiller opp gir ei anna og tryggare signaleffekt.

– Hugs vernebriller!

Ikkje minst er det viktig at foreldra snakkar med med barna sine om dette, og at alle er bevisst på kva dei har med seg på feiringa, kven som handterar fyrverkeri og så vidare.

Brannsjef Tor Arne Moen skyt inn at arbeidsgruppa ikkje er ute etter å øydelegge mora for ungdommane. Dei vil berre at feiringa skal vere trygg.

Marit Meisingset minner om kor viktig det er å bruke verneutstyr. Vernebriller er ingen garanti for å unngå skader, men det er svært viktig for å beskytte augene.

Arbeidsgruppa består

Arbeidsgruppa for trygg nyttårsfeiring blir ikkje lagt ned etter nyttårsaftan. Dei skal samlast i januar for å evaluera nyttårsfeiringa, og vurdere om det trengs fleire tiltak i åra som kjem.

I januar skal elevane på niande trinn har livsmestringsmånad på skulen, og det er avtalt at nyttårsfeiring og fyrverkeri skal vere eit av temaa der. Arbeidsgruppa ønsker at dette blir eit fast fokusområde i åra framover og. Elles skal både brannvesenet og ungdomskontakten i kommunen snakke om fyrverkeri i sine møte med barn og unge.

– Temaet for arbeidsgruppa har vore ei trygg nyttårsfeiring. Eg håper at vi faktisk kjem dit, og at dei aller fleste synes det blir greit, med rolege og trygge rammer, og at det blir triveleg å vere med på nyttårsfeiringa i rundkøyringa, avsluttar Annett Ranes.

Powered by Labrador CMS