
Godt besøkt medlemsmøte i Pensjonistforbundet Surnadal
Artig å sjå at så mange fann vegen til Frivilligsentralen midt på Skei, onsdag 26. mars. Styret i pensjonistforbundet hadde hyra inn Råg Ranes, hovudansvarleg for beredskapen i kommunen, til å informere om dette aktuelle temaet. Han viste bilde og fortalde frå lokale hendingar langt bakover i tid og fram til i dag. Det var snakk om ras, flaumar og brann. Slikt blir enda meir interessant når det dreier seg om lokale tilfelle. Verste hendinga skjedde i 1981 da ei vegfylling rasa ut og to menneske omkom.

Råg Ranes minte oss på at det er lurt å ha ein «beredskapsvenn»; kåra til fjorårets ny-ord! Dette skal vere ein person som kan bistå når noko skjer. På kommunen sine heimesider finn vi meir konkrete opplysningar om kva vi bør ordne oss med, dersom ei alvorleg hending skulle ramme.

Resten av programmet var, som vanleg, allsong, servering og utlodding. Ei fin ettermiddagsstund saman med trivelege folk. Er du interessert i å vere med på medlemsmøta våre, er du velkomen! Du treng ikkje vere medlem.