Her går det med liv og lyst!

Skapte påskekunst

- Så artig at små og store møter opp! Soknerådsleiar Eva Jorid Svendsen i Åsskard gler seg over nok eit vellykka tiltak med Kyrkjestua som arena.

Publisert

Under torsdagens Påskeverksted var det trengsel rundt borda, skaparglede og fin-fin stemning. Med papp og papir, saks, lim og fargar vart det produsert påskepynt og påskekort i stor stil.

Flott påskekort frå Liv Aurora

Dorullpapp, kartong og papir av alle slag vart til blomster og bilete, kylling og påskeharar. Og i bomullsfylte mjølkekartongar var det spennande å så karsefrø, som blir eit friskt – og spiseleg - påskeprodukt!

Desse var Patrick meister for.
Her veks det snart opp karse!

Eva Jorid hadde saman med Randi Bøe førebudd formingsaktivitene med materiale og idear. Både ungar, foreldre og bestemødre kasta seg over ideplansjane med iver, fantasi og oppfinnsamhet.

Soknerådets rause matmor Kari Johanne Aarnes gjorde minst like stor innsats når ho - igjen - kunne servere eit bugnande kveldsbord med brødskive, alskens pålegg, mjølk og kaffe som avslutning på ei riktig livleg og kreativ kveldsøkt.

Etter bordverset var det nydeleg kveldsmat i godt lag!
Powered by Labrador CMS