Møre og Romsdal fylkeskommune melder:

Ny asfalt på fylkesvegane - dei viktigaste og mest trafikkerte vegane blir prioritert
Møre og Romsdal fylkeskommune har bestemt kva for vegstrekningar i fylket som får ny asfalt i løpet av 2025.
I 2025 blir det brukt om lag 135 millionar kroner til ny asfalt på fylkesvegane i Møre og Romsdal. Den største delen av desse midlane blir brukt på dei mest trafikkerte strekningane på fylkesvegnettet, skriv fylkeskommunen i ei pressmelding.
Val av strekningar følgjer mellom anna den politisk bestemte funksjonsinndelinga. Det vil seie at dei viktigaste og mest trafikkerte vegane blir prioritert. Det medfører at om lag 70 % av tildelingane blir nytta til primærveger, heiter det i pressemeldinga.
Når det gjeld Surnadal viser oversikta at strekningen frå Settemsdalen til fylkesgrensa mot Heim på fv65 skal asfalterast.
Samferdselsutvalet vart orientert om asfaltplana i møtet 12. mars.
Sjå oversikta over alle vegstrekningane på Møre og Romsdal fylkeskommune sine nettsider.