Seterrenn på Nordvik i strålande sol
Det var strålende ver og flott føre under det tradisjonelle skjærtorsdagsrennet på Nordviksetra. Frammøtet var bra sjøl om det var nokre koronaforfall og enkelte sikkert valgte topptur i det fantastiske veret. Som tradisjonen er var det langrenn på idealtid i kort og lang løype og deretter kulerenn. I alle konkurransane var det premier til alle og Nordvik Grendalag vil takke alle som sponsorane som bidrog med premiar.
Det gikk unna med salg av kaffe, saft og pølser i Nistuskjelet og rennleiarane såg ut til å være fornøgde med omsetninga.
På kortløpa i langrennet deltok 12 ungar. Idealtida var 6 minutt og vinnar vart Jon Ola Øyås foran Ella Bruset. I langløypa der idealtida var 9 minutt gjekk Ola Bruset av med sigeren framfor Allan Halle og Oddvin Nordvik.
Kulerennet gikk bra og ein unngikk dei mest spektakulære falla. Av dei tolv detakarane var det Oddvar Mikkelsen som var raskast, eit hundredels sekund foran Ane Nordvik og med Anna Vikan på tredjeplass.