ANNONSE:

Eplepressing i Svinviks arboret onsdag 2.oktober

Onsdag 02.oktober kl. 16.00 - 19.00

Har du mykje eple i hagen i år, og har lyst til å lage din eigen eplemost?
Denne ettermiddagen kan du få pressa frukta di hos oss, og få med deg nydeleg most heim, til glede utover hausten og vinteren!
Ta gjerne turen innom om du berre har lyst til å sjå, og ta ein tur i den haustfine hagen også.
Vi kjem også til å ha noko frukt frå hagen i arboretet som du kan kjøpe og presse.

Alle som vil presse må ha med eigne flasker/emballasje. Det er viktig å hugse å reingjere godt på førehand.
Kom innom når det passar mellom kl. 16.00 og 19.00. Om det kjem mykje folk kan det bli litt ventetid, da passer det godt å ta ein kaffekopp og eplekake i kafeen i mellomtida.

NB! Tilbodet gjeld for deg som vil presse litt til privat bruk, ei bøtte eller to.

Inngangsbillett: 75 kr pr pers (barn under 16 år gratis).

Meir informasjon om Nordmørsmusea og Svinviks arboret finn du på heimesida vår: www.nordmorsmusea.no

Powered by Labrador CMS