Nordmøre mållag:

En mann og ei dame oppstilt for fotografering.
Svein Sæter og Ingrid Kjønnøy.

Haustseminar i februar

Publisert

Dei tretti deltakarane som var i «Gullvillaen» Rønnan i Stangvika laurdag 8. februar, var ‘einige om at dette vart ein fin dag. Seminaret skulle eigentleg gå av stabelen i haust, men av ulike grunnar vart det utsett til no.

Om innhaldet kan vi forelje at det var variert med utgangspunkt i nynorsk, Nordmøre og nordmøringar. Musikkartisten Karstein Mauset frå Surnadal / Rindal underheldt med songar der han hadde laga melodi til tekstar av lokale nynorskskrivarar – Jørgen Gravvold, Hans Hyldbakk, mm. Språkforskar o.a. Tor Erik Jenstad frå Sunndal hadde mykje interessant å fortelje oss om stadnamn av ulike slag. Og Svein Sæter beretta soga om gullgravarane frå Nordmøre, spesielt om Fredrik Bruset frå Stangvik, han som fekk bygd det flotte huset der seminaret foregjekk.

Ei dame og to menn med hver sin eske i hendene.
Karstein Mauset og Ingar Arnøy får blomster (neida, Tingvollost!) som takk for innsatsen.

I tillegg markerte vi at det første fylkesmållaget i Møre og Romsdal, «Møre og Rauma maallag», nettopp har runda 125 år, og at medlemstalet i Noregs Mållag no er høgare enn på mange år. Ingar Arnøy frå Noregs Mållag sentralt minte oss om at det aldri har vore skrive og lese så mykje nynorsk tekst her i landet som det vart i fjor. Nynorsk er i framgang og blir brukt på stadig fleire område.

Mange mennesker som sitter rundt et langbord og spiser.
Ein framifrå middag på seminaret.

Utan mat og drikke … Det vart ikkje eit problem! Anita Land og Svein Sæter serverte kjøttsuppe med hjortekjøtt og villrein. Utruleg godt! Kaffe og te og kaker og dessert var det også.

Til og med vêr og føre fungerte heilt utmerka – det hadde vi sjølvsagt bestilt, men kunne jo ikkje vera heilt sikre før dagen kom.

Ingrid Kjønnøy
Leiar i Nordmøre Mållag

 

Powered by Labrador CMS