Du mitt Nordmøre 2024

No er årets Du mitt Nordmøre komen på marknaden, i år for 59. gang. Innhaldet er frå heile nordmørsregionen, både ytre og indre strok. Over 30 bidragsytarar i alder frå 7 til over 90 år til saman skapt ei rikhaldig og variert bok. Her er dikt, artiklar og intervju, nytt og gamalt.

Artikkelen om bedriftsleiaren og entreprenøren Thora Talgø vil ikkje berre vere av interesse for Todalingane; ho er ei dame som alle nordmøringar har grunn til å vere stolte over .

Eit par utflytta surnadalingar som ikkje har gløymt opphavet sitt er med på laget og gjer boka rikare. Det gjeld Dag Tore Straumsvåg med 3 spennande prosadikt og Rigmor Solem, som har levd mest heile livet i fjellet som fjelloppsyn i Vest-Jotunheimen. Gjennom intervjuet i boka blir vi kjende med ho, som var den fyrste kvinnelege «fjelloppsynsmannen» i Noreg. Klart yrkestittelen måtte omdøypast!

Svein Sæter, kulturguruen i Stangvika, har saman med Lisa Forslund sørga for at vi kan legge fram dikt frå Vårsøglandet, skrivne av elevar i barneskulealder. Ole Magne Ansnes har lagt til rette eit intervju med mor til Henning Sommerro. Sverre Hatle skriv eit vakkert minneord om Styrkår Brørs, og Johannes Vaag skriv om nynorskmannen Helge Mæle.

Alt dette frå indre strok. Det er minst like mykje interessant stoff frå andre delar av Nordmøre!

Du mitt Nordmøre er ikkje ei "julebok" med spesielt "julete" innhald, og det er ikkje noko historielag som står bak. Boka gis ut av Nordmøre Mållag og er heilt fri for reklame.

Ei perfekt julegåve! 

Boka er å få kjøpt i ARK-butikkane, i fleire daglegvarebutikkar og gjennom dørsal. Dessutan kan ein få tak i ho ved å ta direkte kontakt med lokallagsleiaren i dei ulike lokallaga på Nordmøre. 

Astrid Asheim Aubert, Kristiansund (leiar av skriftstyret)

Powered by Labrador CMS