Tre personer oppstilt for fotografering foran en statue av en elg i full størrelse.
Dei tre fylkesmållagsleiarane: Ingrid Kjønnøy (Nordmøre), Øyvind Fenne (Romsdal), Ingebjørg Røyrhus Øyehaug (Sunnmøre).

125-årsjubileum for fylkesmållaga i Møre og Romsdal 

Publisert Sist oppdatert

Skipingsmøte for Møre og Rauma maallag i Ålesund, 28. desember 1899:

«Maalmannsmøte i gaar vitja av paalag 150 menneskje. Møte byrja kl. 10 f.m. med ei kort tale av Harald Devold; der etter song alle «Maalet hennar mor.» Slik innleidde «Søndmørsposten» oppslaget «Maalmannsmøte» 29. desember, dagen etter skipingsmøtet.

Og avisa heldt fram:

«Det synde seg, at der var samhug med denne maallagstanken her i fylki. Baade fraa Raumsdal og Nordmør var folk med på innbjodingi. Men diverr var her faa nordfraa , daa vegen var long, og det hende noko leitt med eimskipi.»

Seminarstyrar Henrik Kaarstad, som vart vald til å leie møtet, innleidde med å seie at det no også tok til å dagast i målvegen: «Stilt hadde dette maalarbeidet gjenge, men det hadde då vokse jamt.»

Ottar Grepstad skriv om oppstarten av den organiserte målrørsla i boka si «Viljen til språk»: «I tiåret 1896 – 1906 kom denne viljen til språk inn i organiserte former. Rundt om i landet var det no mange lokale ungdomslag og mållag. Denne norskdomsrørsla blei altså bygd opp nedanfrå. Jamført med andre folkerørsler i samtida gjekk det sakte.» (s. 130)

På skipingsmøtet i Ålesund denne laurdagen i romjula 1899, melde alle dei om lag 200 frammøtte seg inn i laget. Dei vedtok lova for laget, der det i første punktet stod: «Møre og Rauma mållag hev til fyremaal aa vekkja samhug med maalsaki og hjelpe fram det norske folkemaalet.»

So fylgjer sju punkt, mellom anna med oppgåver som å skipe målringar som skal «...arbeida maale inn i skule og kyrkja, og spreida ut norske blad og bøker, arbeida ut norske blad og bøker, arbeida til, at skulestyre rettar seg etter maalparagrafen.»

Lova gir reglar for medlemsskap i målringane og fylkeslaget, og for kven som kan vere leiar i fylkeslaget: «Lagsmann i Rauma og Møre maallag er den mann eller kvinna som er medlem av ein maalring.» Der er formelle krav til årsmøtet for laget, heilt i tråd med moderne lover for lagsverksemd.

Lærar Per Riste frå Volda vart vald til leiar. Til styremedlemmer vart desse valde: skulestyrar Sand (Rauma), Harald Devold (Ålesund), Henrik Kaarstad (Volda) og Leonard Næss (Nordalen). Ettersynsmenn for rekneskapen vart Karl Barstad og Anders Aarsæther.

Et sort hvitt bilde av en mann
Læraren og målmannen Per Riste (1846 - 1930) som vart vald til leiar for Mor og Rauma Maallag den 28. desember 1899.

Om kvelden var det fest: «Formannen i maallage i Aalesund ynskte alle velkomne, og «Maalet hennar mor» ljoma yver salen, som var fullpakka med folk.» Elles var det song av frøken Rinden og fru Flem, og det var talar.

Stortingsmann Liljedahl tala om Arne Garborg, og møtelyden sende ei helsing til Garborg: «Samla til fest helsar det nyskipa Møre og Rauma maallag vaar hovding og ynskjer Dykk lukke til kong Haralds verk, aa samla Norigs fylkje til eit rike og tyna Danskeveldet».

Det vart lese opp fleire helsingstelegram, eitt av dei frå Anders Vassbotn: «Fram daa frendar i fredeleg kapsteg!»

Og styret kom raskt i arbeid! Rett over nyår skreiv dei brev til målfolk i fylket med oppmoding om å skipe målringar i alle bygder. Brevet sende dei også til redaktøren for nynorskavisa «Den 17de Mai», Rasmus Steinsvik i Kristiania, og laurdag 3. mars stod brevet på trykk i avisa.

Dei skreiv at norske blad og bøker må inn i bygd og by, og norsk mål må inn i skulen og i kyrkja: «Det er ei landsens skam at desse bladi paa norskt maal skal vera utestengde fraa so mange bygder og byar, medan dansk-norske blad skal koma i dungevis til posthuse og fløyme ut yver bygderne. Tak aat med aalvor og lat ein norsk bladstraum faa renna inn i bygdi.»

Dei var opptekne av borna og skulemålet: «Borni vert reint forkvakla av det danske målstrævet, som dag ut og dag inn gjeng fyre seg i dei fleste av vaare folkeskular. Her maa verta eit umbrøyte, og det snart!

Fyr det fyrste maa det havast tilsyn med at skuleborni – som lovi krev – fær læra lesa landsmaalet i skulen, ikkje berre «er frami det», og at lærarane underviser paa borni sitt maal.»

Og so måtte dei sjå til at dei rette folka vart valde inn i bygdestyringa:

«Syt fyr, at norsklynde folk vert valde inn i skuletilsynet i bygdi, inn i heradsstyret og fyrst og fremst inn i skulestyret. So skal det inga æve til aa faa maalet inn i skulen. »

Noregs Mållag vart skipa seks år seinare, 5. februar 1906.

Tre fylkesmållag

I 1907 forlet nordmøringane det felles fylkeslaget og skipa Nordmøre maallag. Det ophavlege laget fekk no namnet Sunnmøre og Rauma maallag. Dette samlaget heldt til 1912, då det vart delt i to til Rauma maallag og Sunnmøre maallag.

Sidan då har me hatt tre fylkeslag i Møre og Romsdal - Nordmøre Mållag, Romsdal Mållag og Sunnmøre Mållag. Styreleiarane har jamt kontakt og samarbeider om nynorsksaker som gjeld heile fylket. Eksempel på slike er å trygge nynorsk språk i fylkeskommunen, skulemålsplan for den vidaregåande skulen, innspel til mørebenken på Stortinget i viktige nasjonale språksaker, aksjon for nynorsk skattemelding og arbeid for å fremje dialekt og nynorsk i barnehage og skule.

Nordmøre Mållag har sju lokallag med 300 medlemmer, og laget har gjeve ut årboka «Du mitt Nordmøre» kvart år sidan 1966. Romsdal Mållag har fire lokallag og 282 medlemmer. Sunnmøre Mållag har fjorten lokallag og 1389 medlemmer.

Det er god kontakt mellom fylkeslaga og lokallaga, og det vert gjort mykje godt opplysnings- og målarbeid for å trygge nynorskbrukarane sine språkrettar i kommunane og i fylket. Informasjon om innhaldet i den nye språklova, er ein del av dette.

Og saman med medlemmene i alle laga i hovudorganisasjonen nådde ein vervingsmålet for 2024, som var sett til 16 000, slik at Noregs Mållag i dag har 16 143 medlemmer!

Ingrid Kjønnøy, Nordmøre Mållag
Øyvind Fenne, Romsdal Mållag
Ingebjørg Røyrhus Øyehaug, Sunnmøre Mållag

(Oppslaget i Søndmørsposten  29.12.1899 er hovudkjelda for det som er skrive om sjølve oppstarten av fylkesmållaget. "Den 17de Mai" er hovudkjelda for det som er skrive om første tiltaket til det nystarta fylkessmållaget. Dette handlar om oppstarten av den organiserte målrørsla i Møre og Romsdal.)

Powered by Labrador CMS