Norsk sangbok

fire personer og ei plast-ku på scene
Songglede, humor og absurditet beskriv kveldens forestilling av Teatret Vårt godt.

Surnadal, kom dykk på teater!

Det var ikkje det beste oppmøtet på laurdagens teaterforestilling i kulturhuset, men dei som tok turen fekk ei oppleving dei seint vil gløyme.

Publisert

Teatret vårt var i helga igjen på besøk i Surnadal med ei ny forestilling, denne gongen med namnet "Norsk Sangbok". Publikum skjønte nok på førehand at det kom til å bli song og musikk, men fekk seg truleg eit par overraskingar under kveldens forestilling.

Kvelden starta med korsong av elevane ved Nordmøre Folkehøgskule, dei framførte songane "Solskinnsdag", "Forelska i Lærern" og "Tenke Sjæl" med eige band. Elevane skal ha skryt for fin song og at dei viser seg og bidreg med kultur til bygda. Etter dei hadde varma opp for folket i foajeen, blei dei sjølv med inn til Storstuå.

ungdomskor synger
Nordmøre Folkehøgskule spelte og song "Solskinnsdag", "Forelska i Lærern" og "Tenke sjæl".
band med ungdom spiller
Bandet frå Nordmøre Folkehøgskule.

Da dørene til Storstuå opna slo dufta av sveler ut av rommet. Medan folk fann plassane sine sto Bjørnar Lisether Teigen med ei stor takke og steikte sveler midt på scena. Han informerte om at det ville bli både ein smakebit og loddtrekning litt seinare.

mann steker svele, dame i front som ser bort
Da publikum kom inn, dufta det godt i Storstuå. Der sto Bjørnar Lisether Teigen og steikte sveler.
Mann steker sveler på en scene, peker mot publikum

På scena vart publikum kjend med fire personar som hadde starta eit kor. Dei hadde øvd på songar frå songboka. Ein av medlemmane i koret hadde derimot litt andre planer enn dei tre andre. Midt i synginga av kjære norske songar frå boka måtte koret handtere små og store forstyrringar frå Bjørnar som både velta svele-utstyret, kledde seg ut med trollkostyme, reiv ned sceneteppa og meir til.

Tre personer på en scene som synger
to personer foran plast-ku. en sitter oppå kua
publikum forsyner seg med svele
Gjengen frå Nordmøre Folkehøgskule sa ikkje nei takk til ei svele i pausen!
svele-kø på scenen
Mange ville opp på scena i pausen for å få seg ei svele.

Både Sara Fellman, Kjersti Sandal, Ole Andreas Silseth og Bjørnar Lisether Teigen imponerte stort med sine store songstemmer og god innleving. Nokre av songane vi fekk høyre var "Se ilden lyse", "Å eg veit meg eit land" og "Voi voi". Det var ein god variasjon av nydeleg song og mykje latter og absurditet! Dette var ei forestilling som publikum kjem til å hugse.

Vi er heldige som får besøk av så talentfulle skodespelarar og songarar, og at Surnadal har eit godt kulturtilbod. Vi set spørsmålsteikn ved høg billettpris i høve til lengda på forestillinga. Vi oppfordrar likevel folk i Surnadal og omegn til å nytte seg av tilboda og dra på teater, konsert, revy og det som skjer! Takk til Teatret Vårt for nok ei flott forestilling, vi håpar dykk kjem tilbake snart igjen.

fire personer på en scene
Takk for besøket og ei uforgløymeleg forestilling!
Powered by Labrador CMS