Inngangen til en butikk. Over døra henger 2 flagg hvor det står 'NMS GJENBRUK', og ved døra står et skilt hvor det står 'Velkommen inn på skattejakt'
Gjenbruksbutikken på Skei

Oppstart med salg av klede i NMS Gjenbruk på Skei

Publisert Sist oppdatert

I dag er det det ein stor dag på NMS Gjenbruk på Skei. Vi startar med salg av klede.

To kvinner organiserer og henger opp klær
Gudrun Bele (tv) og Kirsti Skei som held på med å henge opp klede.
Klær på et klesstativ

I går onsdag, 19.april, hadde vi ein travel dag med å ordne rommet. No har vi til og med eige omkledningsrom.

På første dagen med klede opplvede vi til og med at det kom ei og leverte inn ein nyreinsa brudekjole, så da er det berre å kome innom butikken viss du har gifteplaner.

Det første vi ønsker oss er fleire kleshengarar. Vi vil heller ha klede jamnt enn mykje akkurat no. Klede som kjem inn skal vere reine og heile. Dette er salg av brukte klede, men utslitt skal dei ikkje vere.
Elles tek vi imot alle typar, både for vaksne og born.

Og så ønsker vi oss nye medarabeidarar. Hos oss er det også nokon som går av for ei svært fleksibel aldersgrense. Kanskje det er nokon som er interessert i klede som ser at dette akkurat er anledninga til å bli med i eit spennande arbeisdslag.

Inntektene går til gode formål fleire plassar i verda der det trengs enda meir enn i vårt eige land. Døme slike formål er ein landsby som treng ein brønn, skulegang, helsehjelp, bibelomsetting eller hjelp mot omskjæring av unge jenter.

KJØPT BRUKTE KLEDE SOM FØRER TIL FORANDRING FOR MANGE.

Klær på et klesstativ
Powered by Labrador CMS