Gjenbruksbutikken på Skei - ein koseleg arbeidsplass
Er det noko som har vorte aktuelt i dei siste åra, så er det gjenbruk og reduksjon av forbruk, for å spara miljøet og kloden. Det er noko vi alle kan vera med på.
Gjenbruksbutikkane rundt om i landet har vorte svært populære, slik også gjenbruksbutikken på Skei som snart er tjue år gammel. Mange av desse butikkane gir store intekter til organisasjonane som står bak, og det er fint å vita at det vi ikkje har bruk for, kan koma til nytte for andre, og enda det er billeg, så gir det pengar til organisasjonar som driv hjelpearbeid, utviklingsarbeid etc. Gjenbruksbutikken på Skei er driven av Det Norske Misjonsselskap (NMS), ein organisasjon som har eksistert i 180 år (ein av dei eldste i landet) og som driv eit stort arbeid i mange land, skular for jenter og gutar, utdaning, helse og sjukehus, landbruk og utviklingsprosjekt osv, forutan kyrkjearbeid i samarbeid med sjølvstendige kyrkjer.
I og med at omlag 10 dedikerte menneske arbeider gratis, så er driftsutgiftene minimale og det meste går til menneske som treng hjelp.
Vi var innom og var imponerte over det store utvalet av nyttige og vakre koppar og kar, lamper, antikke ting, fine bøker som ikkje lenger er å få i bokhandel og forlag etc. Det er også eit lager av diverse møblar. Butikken sel og mange slags heilfarga lys som er støypte av innsamla lysestumpar i NMS' eige lysestøyperi på Melhus. (NB! Ikkje kast resttalg og lysestumpar, men lever dei til bruktbutikken, så blir dei til varierte og fine lys.)
Butikkpersonalet ønskjer fleire varer og oppfordrer pensjonistar og andre som har ekstra tid til å melda seg som selgarar. Kosleg arbeidsplass. Ta kontakt.
Dersom du har noko du ikkje lenger har bruk for, men som andre kan bruka, så kan du levera det til gjenbruksbutikken på Skei, i Landbrukshuset vis a vis Coop Extra.