NMS Skei:
Dåpsklutar frå Madagaskar
NMS Gjenbruk på Skei er nok det som mange knyttar til NMS ( Misjonsselskapet), Men NMS er mykje meir.
Dei fleste kyrkjelydane i Surnadal her samarbeid med NMS om prosjekt i Etiopia og Midt-Austen. No er det absolutt grunn til å ta turen over fjorden til Ålvundeid.
Fanja, som starta og driv Fanja broderier på Antsirabe, fortel om livet sitt og bedrifta, som no har ca 40 kvinner tilsett, alle er eineforsørgarar. Det er ei fairtrade-bedrift der alle har rett til helsehjelp, og det blir gitt støtte til borna sin skulegang. Kvinnene broderer, blant mykje anna, dåpsserviettane som blir bruka i Ålvundeid og Øksendal kyrkje, og i mange andre kyrkjer i Norge. Fanja har med nokre dukar for salg, og det blir høve til å gi til hjelpearbeidet hennar. Det blir song, og vi avsluttar med kveldsmat.
Velkommen! Helsing Arne Drøpping.