Sverre Hatle i Løsetlåna
Sverre Hatle fortalte om NMS Gjenbruk på Skei, ståande, misjonskonsulent Jostein Solbakken lengst til venstre.

Husmøte i over 30 år

Første husmøtet i Løsetlåna var i 1991 og frå 1994 har det vore husmøte kvart år, med unntak av eitt. Under koronaen var møta i menighetshuset.

Inngangsdøra på Løsetlåna
Velkommen til Husmøte i Løsetlåna

Gjestar ved husmøtet i år var misjonskonsulent Jostein Solbakken frå Det Norske Misjonsselskap (NMS) og Sverre Hatle frå NMS Gjenbruk i Surnadal.

Bjarne Nordlund
Bjarne Nordlund leda husmøtet

Jostein Solbakken tok oss med inn i arbeidet til NMS med særleg vekt på utlandet. Han viste video og bilde både frå Madagaskar, Egypt og frå Frankrike, for NMS driv misjonsarbeid i Europa også.

Svein Ness ved husorgelet
Svein Ness leda songen med husorgelet

Sverre Hatle minte om at NMS har lang tradisjon i området vårt. I Todalen vart det starta misjonsforening i 1845, 3 år etter at NMS vart stifta.

Les om jubileumsfesten her!

NMS starta med gjenbruksbutikkar i 1998 og har no 52 butikkar og skaffa NMS 37 millionar kroner siste året. Alle som arbeider i gjenbruksbutikkane er frivillige medarbeidarar.

Grunngjevinga for gjenbruksbutikkane er å skaffe inntekt til misjonen, utnytte ressursane og skape møteplassar, eller dei tre M-ane: Misjon - Miljø - Møteplass.

Folket i Løsetlåna
Husmøteforsamling

NMS Gjenbruk Skei har no 9 medarbeidarar, men har vore oppe i 20. Det er den minste av gjenbruksbutikkane til NMS.

NMS Gjenbruk Skei finn du i Landbrukshuset på Skei. Frå i vår kan du også finne klede der, i tillegg til mykje anna nyttig!

På Trollheimsporten finn du NMS Gjenbruk her, og du kan også lese om dei på Facebook.

Kaffepause rundt langbordet

Kvelden vart avslutta med at Sverre Hatle delte eigne dikt med oss med sine lune kommentarar. Han drista seg, som han sa, også til å framføre ei tekst han hadde skrive til ein folketone frå Telemark. Den hadde han skrive ned etter minnet.

Powered by Labrador CMS