Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Frå venstre Kristin Glæstad Vonheim, Astrid Straumbotn, Øystein Solevåg, Siv Tone Bårdsnes, Per Ingebrigt Karbø, Japke Stobbe, Torgeir Parr Dimmen og Wenche Johansen. Kjell Lyse var ikkje til stades.

Naturvernforbundet – nye medlemmer og ny leiar

Det var bruk for Naturvernforbundet også i 2024. Årsmøtet såg nyleg tilbake på kva som har vore gjort. Utan Naturvernforbundet hadde det sett dårlegare ut. Dessverre ser det ut til å vere bruk for Naturvernforbundet også i 2025.

Publisert

I løpet av ti år har medlemstalet dobla seg i Møre og Romsdal. Nokre melder seg inn for å hjelpe Naturvernforbundet med saker i sine lokalmiljø. Andre bidrar med sin kontingent. Verna vassdrag, fiskeoppdrett, store vegprosjekt og stadig nokon som vil bygge noko både i strandsona, i nærområda og mot villreinfjellet, det er nokre av utfordringane. Spørsmål om forbruk og ureining er også stadig aktuelle tema.

Stadig nye medlemmer. Stadig nye oppgåver. Leiaren i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er også ny, sjølv om han har vore medlem lenge. Per Ingebrigt Karbø er lærar og småbrukar, og bur på Hellesylt.

Powered by Labrador CMS