Gamle Stangvik Turstigruppe

to folk sitter foran hytte
På Flessasetra vart det mimring om setring og seterliv.

Historisk vandring og nyopning av stigar

To laurdagar i juni har Turstigruppa i Gamle Stangvik hatt tur og nyopning av stigen som gjekk opp forbi dei gamle gardane i Nessadalen, Haugen og Surndalsneset.

Publisert Sist oppdatert

Opprinneleg var det fire setrer her, for gardane Flessavik, Flessa, Trodal og Båtvik. I dag er berre murane att av Båtviksetra.

Turstigen går vidare etter seterstigen som går forbi Sittartolllå og ned til Trodalen. Dei aller sprekaste kan ta ein avstikkar til Bølia (Flessafjellet), og når ein kjem til Flessasetra er det merka sti til kanten av fjellet .

Folk som går den vante turvegen frå Flessa til Trodalen, kan om dei ønsker det ta ein rundtur om Botnasetrene og ned til Nessadalen og Flessa. Alternativt kan ein starte frå Båtvika.

På begge opningsturane har det vore med folk som har sagt dei sette pris på arbeidet som er lagt ned, og trivelege kaffestunder har det vore begge dagane. Servering av molte, is og blautkake på Surnadalsneset. Vi tykkjer vi riktig må feire fullført jobb.

Turstigruppa vil rette stor takk til Sunndal Sparebank som gav 35000 i støtte til arbeidet med turstigar. Vi vil og nemna Stangvik Historielag som har ordna mange skilt til oss. Bjarne Røen har sikkert laga halvparten av dei til saman rundt 500 skilta som er på turnettet i heile gamle Stangvik. Støtta vi fekk frå Sunndal Sparebank gjorde at vi kunne fullføre turprosjektet tidligare enn vi hadde trudd.

person i skogen bakfra
Vi blir små og andektig ved slik kjempetoll.
mann tar seg kaffe ved kakebord i skogen
Svein Aarnes baud på kaffe, kaker og is (!) då det vart arrangert vandring i det nyleg oppattmerka turområdet i Flessen.

Verdifullt arbeid

Ole Flessen har i mange år gjort eit verdifullt kulturarbeid med å merka turstiar og sette ut stadnamnskilt på Flessastranda. Han har på mange av merketurane hatt god hjelp av Bjarne Espås.

Etter kvart som Ole Flessen vart eldre, og ikkje så lett på foten som før, vart det krevjande å halde stiane opne. For å sitera fritt lyrikaren Hans Børli: "Det vintres på stiene våre" på Flessastranda. Området heldt på å gro att, og det var behov for vedlikehald. 

Flessastranda var i eldre tider som Årnes, Hamnes og Torvik del av Stangvik kommune. Ein innsendar skreiv ein gong i Romsdalsposten at "gamle Stangvik kommune er som det britiske samveldet, med mange oversjøiske område og dominions." Dominions vil seie sjølvstyrte område, og kanskje måtte vi ordna oss litt sjølve i utkantane.

I 1955 var det skuleavslutning i Todalen for skulane i gamle Stangvik kommune. Den dagen var det gjettekonkurranse mellom skulane. Eg hugsar to av spørsmåla. Det eine var kva som var ytste og inste garden i kommunen, Alle visste at Bøkleppen var ytste garden, og alle utanom Todalen svara Kårvatn på den inste. Det var berre todalingane som svara Myrvang og fekk ein innertier. Kven som var varaordførar i kommunen, nei det hadde ingen greie på. Det var ingen som visste at det var Olay Follestad frå Åsprong, som den gongen var eit av dei oversjøiske områda i "Det britiske samveldet."

mange folk sitter på benk på fjell
Av I alt 18 setervandrarar sit 9 her ved Flessasetra.
to folk på benk med utsikt
Vid og flott utsikt frå Flessasetra.

Veg for avlingar

Men nok om det. Da vi var ferdige for ein stor del med merkinga på Torvikfjellet, starta vi opp med arbeid på Flessastranda for 2 år sidan. 

Med positiv respons frå banken på å støtte opp om innsatsen, fekk vi arbeidslyst og det vart god fart i merkearbeidet.

Vi starta med å merka opp att direkteruta frå Surndalsneset til Trodalen, der dei for med avlinga i gamle dagar. Det var nok mykje slit. Folka i Trodalen hadde ikkje hest før langt inn i 1940 talet. Dei hadde hest på deling med slektningar på eit bureisingsbruk i Bøverdalen.

Vidare tok vi til med ruta frå Trodalen, forbi Sittartollå til Båtvik, Trodalen og Flessasetra. Vidare gjekk det ned etter setervegen mot Flessa til stidele mot Surndalsneset : Vi går forbi Hundtjønnamyra (orrfuglspeleplass ) og ned til Surndalsneset . Derifrå går stigen ned til Haugen og Båtvika. Folk som ønsker det kan og ta ein avstikkar frå Flessasetra til Bølia (Flessafjellet). Det er merka opp til fjellbandet.

hytte i skogen
Var nok betre utsyn frå Surndalsneset i gamle dagar.
tre folk ved bord i hytte
Svein Aarnes (frå venstre), Gunnar Nisja og Gunn Signe Aarnes tek ein rast i den gamle stua på Surndalsneset.

Bord og benkar

Det er sett opp turkassar der folk kan skrive seg inn på alle setrene, og på Haugen, Surndalsneset og Sittartollå. Vidare er det kome opp informasjonsskilt med opplysningar om alle plassane.

Det er sett ut bord og benker på Trodalsetra, Flessasetra og Surnadalsneset. Enkle benkar er sett ut på Båtviksetra, Haugen og Sittartollå. Det er gjort eit arbeid med å rydda på Flessasetra og Trodalsetra og det er bygd bru over Tjuvåa.

Det er fint å kunne ta med litt om heimsetriene i Nessadalen, sidan desse ikkje er mykje nemnt på informasjonsskilta.

I Nessadalen var det to gardar i gamle dagar. Haugen vart tidleg nedlagt som eige bruk, og på Surndalsneset var det frå og til med busetnad fram til 1880. I periodar før den tid var det ingen busetnad.

Markaslått var viktig for alle gardane på Flessastranda. Ole Flessen har fortalt at Flessa hadde ikkje mindre enn sju høyløer i marka. Naturlegvis kunne ikkje markene i Nessadalen stå utan å bli hausta når ingen budde der. Det var vel da heilt naturleg at Flessa, Flessavika og Trodalen hausta foret i dalen.

Etter kvart fekk både Flessa og Trodalen fjøs her og starta seterdrift. Nessadalen vart etter kvart heimseterdal for Flessa og Trodalen. Både Flessa, Trodalen og Flessavika hadde høyløer i dalen.

hytte i skogen
Fjøset på Trodalsetra.
to folk foran hytte
Framleis litt utsikt frå Trodalsetra.

Korndyrking

I eldre tider står det at dalen var uviss for korndyrking, men i 1944- 45 vart det dyrka korn på det finaste jordstykket i dalen som høyrde Flessavika til. Kornet vart trøska på gammeldags vis på Flessafjøset i Nessadalen og bore til Trodalen. Der vart det mole til mjøl på kverna der. Etter det Ole Flessen fortel, vart det mjøl både til Flessa, Flessavika og Trodalen.

Nye opplysningar tyder på at seterdrifta på Flessasetra og Trodalsetra er eldre enn vi før hadde trudd. Eit bord på Flessasetra hadde årstallet 1723 skrive inn. Mykje tyder også på at det kunne vore setring langt tidligare enn dette årstallet, kanskje heilt attover til 1700-talet.

Tre personar har gjeve verdifulle opplysningar i samband med stiarbeid og historiske vandringar i området. Dette er Ole Flessen, Bernt Bøe og Bernhard Bøklep. Av ulike grunnar har dei ikkje delteke på vandringane, men det kjem nye sjansar seinare. Neste arrangement i regi Turstigruppa i Gamle Stangvik blir Årnesdagen til hausten.

Til slutt, eit ønskje om fine turar og stunder langs dei gamle og nyrenoverte turstigane i området, til alle. Ein god start kan vere å gå til Surndalsneset. Der passar det godt med ein skikkeleg kaffepause for å ta inn strev og stemningar frå tider og folk før oss.

Powered by Labrador CMS