Ny dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet AS
Styret i Todalsfjordprosjektet AS har tilsett ny dagleg leiar i selskapet. Det skriv nestleiar Per Ove Nydal i ei pressemelding tysdag.
Jara Rådgiving ved Trond Skogseth har hatt avtale med Todalsfjordprosjektet AS (TFP AS) om dagleg leiing sidan oktober 2021. Avtalen varer ut oktober 2024. Styret i TFP AS lyste i juni ut stillinga som dagleg leiar for neste periode.
Det kom inn tre søknadar, derav frå to selskap – Sunndal Næringsselskap AS (SUNS) og Jara Rådgiving ENK – og ein personsøknad som trekte sin søknad.
Sidan dagleg leiar i SUNS, Tove-Lise Torve, òg er styreleiar i TFP AS, utnemnde styret nestleiar Per Ove Nydal og styremedlem Martha Torvik til å gjennomføre prosessen med å utarbeide ei innstilling til styret.
Styret i TFP AS fatta i styremøtet 17. oktober vedtak om å tilby SUNS ved Tove-Lise Torve rolla som dagleg leiar i TFP AS frå 1. november 2024. Partane inngjekk avtale om dagleg leiing for 2 år, med opsjon på 1 år vidare.
Styret vil takke Trond Skogseth for ein framifrå utført jobb i den perioden han har vore dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet AS.