Kvande fråtrer som styreleiar i Todalsfjordprosjektet AS
Som følgje av at den skisserte flytebruløysinga mellom Kvanne og Rykkjem kan berøre eigedomen hans på Kvennaneset, trakk Lars Inge Kvande i styremøtet torsdag seg som styreleiar i Todalsfjordprosjektet AS, før behandlinga av rapporten om dette alternativet. Nestleiar Per Ove Nydal tok frå same tidspunkt over som ny styreleiar i prosjektet og vil fungere fram til neste generalforsamling. Dette skriv Todalsfjordprosjektet i ei pressemelding.
Kvande reknar seg som seg inhabil så lenge dette flytebrualternativet kan vere aktuelt, og fann det difor ryddigast å fråtre leiarvervet.
Per Ove Nydal er tidlegare leiar i infrastrukturseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune, som hadde ansvar for fylkesvegane fram til 2020. Han vart vald inn som styremedlem i Todalsfjordprosjektet AS frå den største eigaren, fylkeskommunen, i 2021. I dag er han Dagleg leiar i Stranda Eigedomsselskap AS. Nydal seier han forstår Kvande si avgjerd:
– Eit samla styre både forstår og tek Lars Inge si avgjerd til etterretning. Det er viktig for både selskapet og prosjektet at det ikkje blir sådd tvil om habiliteten vår, og slik sett er dette den einaste rette løysinga. Vi vil takke Lars Inge for godt samarbeid og innsatsen hans i styret og som leiar, seier styreleiar Nydal.
Nydal og Dagleg leiar i Todalsfjordprosjektet AS, Trond Skogseth, presenterte og overleverte flytebru-rapporten til leiinga i Fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune i eit møte i Molde måndag. Fylkeskommunen vil, som vegeigar, ta med seg denne i det vidare planarbeidet og vurdere løysinga opp i mot dei andre alternativa for realisering av ein ferjefri Todalsfjord.