Frustrert, men håpefull
Skifte av wire har skapa problem for Surnadal Alpinsenter AS, men ei løysing er i sikte.
Surnadal Alpinsenter skifta ut wiren på skitrekket i vår, som ein del av det nødvendige vedlikehaldet av anlegget. No står alpinsenteret klart for opning, men manglar godkjenning på utført arbeid.
– Dette er frustrerande, men vi er i tett dialog med både leverandøren av det nye wiren, og Jernbanestilsynet som har ansvar for godkjenning. Vi håpar å få opne om ikkje alt for lenge, seier Helge Røv, dagleg leiar i Surnadal Alpinsenter AS, til Trollheimsporten over telefon.
– Før jul?
– Eg tør ikkje binde meg til ein fast dato, men vi har leverte dei nødvendige papira og vi håpar ting skal løyse seg snart, seier ein optimistisk Røv
– Var ikkje papira sendt inn etter utskifting av wire?
– Jau, men det viser seg at fordi wiren ikkje var levert av same leverandør som sette opp heisen først på 80-tallet, ser Jernbanestilsynet på det som søknad på nytt anlegg, og ikkje vedlikehald av eksisterande anlegg, noko som krev nye dokument, svarar Helge Røv.
Wiren som vart bytta ut er 3.550 meter lang og 7.200 kilo tung, og er konstruert av stål trekt over ei nylonkjerne. T-krokane er festa til denne wiren, og på den måten kan ivrige alpinistar blir drege opp den 1.750 meter lange bakken.
– På fredag vart det rette dokumentet sendt inn til Jernbanestilsynet, så no ventar vi berre på godkjenning. Det er klart at vi er ivrige etter å få opne snarast. Alt er klart, heis, mannskap og snøen er på plass, og stengt bakke betyr tapt omsetning. Men vi håpar å opne i tide før juleferien, avsluttar ein håpefull Røv.