Frå venstre Sissel Sjølie Røv (Surnadal sanitetsforening), Kari Stensby Ranes (Sparebank 1 SMN), Elinor Bolme (Surnadal sanitetsforening), Pål Skrøvseth, Linda Margareth Øye Fiske (Surnadal kommune), Rita Helen Aarnes (Surnadal kommune), Berit Skralthaug (Sparebank 1 SMN), Britt May Hollås (Surnadal sanitetsforening), Brit Moen (Surnadal sanitetsforening) og fremst Karin Sunde (Sparebank 1 SMN)

Surnadal sanitetsforening og Sparebank 1 SMN vidarefører sitt julehjertegledesamarbeid

Torsdag kveld møtte representantar frå Sparebank 1 SMN og Surnadal sanitetsforening opp i bankens sine lokaler for å overlevere 28 førjulsgåver til Linda Margareth Øye Fiske, som er aktivitetskontakt for Psykisk helse og Rus - Vaksne i Surnadal. Gåvene blir leverte vidare til brukarane av Psykisk helse og rustjenesten.

Publisert

- Eg kjenner mange som er åleine med brutte relasjonar, eller lite eller ingen familie og dårleg råd, men dei ropar ikkje høgt og stikk seg ikkje fram. Juletida er ikkje alltid like kjekk og koseleg for alle. Vi har jo alle merka at ting kostar meir pengar no, og dette gjeld enda meir for denne gruppa. Eg blir rørt over dette prosjektet, og kor villig banken og sanitetsforeninga er å hjelpe til. Og eg blir enda meir rørt og glad for å kunne delta i levering av varene, og sjå kor glade folk blir når dei får gåvene, seier Linda.

Tredje år på rad

Det er tredje år på rad at Sparebank 1 SMN og Surnadal sanitetsforening har ein førjulsaksjon der dei brukar 40,000kr for gleder i nærmiljøet. I år kom banken sanitetsforeninga i forkjøpet med ønske om vidareføring av prosjektet. 

- Dei 40,0000 vart til 50,000 i løpet av dei siste 5 minutta, fortel ein veldig fornøgd leiar av Surnadal sanitetsforening, Elinor Bolme

- Vi har ordna 28 førjulspakker til Linda sine brukarar, pluss at vi samarbeider godt med Rita Helen Aarnes frå familiekontoret i Surnadal Kommune. Ho har oversikt både over dei som er tilknytta rus og psykisk helse, og vanskelegstilte familiar, og vi har klarte å innfri julegåveønskjelista hennar.

Positive tilbakemeldingar

Banksjef Berit Skralthaug kunne fortelje at i staden for å kjøpe julegåver til tilsette, gir dei heller pengane i støtte til sanitetsforeninga og til folk som verkeleg treng desse pengane. Banken stilte med 40,000 kroner og Sparebankstiftelsen - SMN bidro med 10,000 kroner til.

Berit Skralthaug, Sparebank 1 SMN og Ellinor Bolme, Surnadal Sanitetsforening

Vidare forklarte Elinor Bolme at dei brukte 36,000 kroner på fire stappfulle handleposar per person, med alt frå pepperkaker og julebrus til Fjordland julemiddag, graut og kaffe. 

Dame med handlevogn
Brit Moen, Surnadal sanitetsforening

- Dette er stort sett einslege folk. Vi får utelukkande positive tilbakemeldingar frå brukarane, sier ho.

Pengar til overs

Sjølv med fire store poser per person,  klarte dei ikkje å bruke opp alle pengane i år.
Så 14,000 kroner blir overført til eit nytt prosjekt, som skal starte opp i 2025. Samarbeidet mellom sanitetsforeninga og Sparebank 1 SMN blir videreført, fortel Elinor. 

- Vi ønsker å ha fokus på kvardagsutfordringar i lokalsamfunnet, som ei motvekt til ulike stipendordningar. Dette vil bli administrert av Rita Helen Aarnes på kommunen som jobbar med denne problematikken til dagleg og ser kor behova er størst. Ho igjen samarbeider med NAV. Saniteten og banken stiller med midlar og litt retningslinjer for bruken av desse.

Tiltaka kan være alt frå gymsko til ungar, til hjelp med helgeturar, og lokale ferieopphold for familiar som ikkje har råd.

- Det er mykje fattigdom og utanforskap i Surnadal som vi ønskjer å jobbe med, omsorg i nærmiljø er eit mantra for sanitetsforeninga, tilføyer Elinor.

Ei god jul for alle

Pål Skrøvseth, som er i målgruppa for prosjektet, men som og er med Linda for å hjelpe til med utdelinga, har berre ros å gi til prosjektet. 

- Kommunen er berre så sterk som sitt svakaste ledd, seier han. 

Han meiner at prosjektet er eit positivt bidrag til folk som treng hjelp til å få ei god jul. Han har sjølv hatt stor glede av den hjelpa han hår fått, og forstår kor viktig det er for andre som slit litt ekstra rundt jul, å få desse førjulsgåvene.

Powered by Labrador CMS