Møre og Romsdal Fylkeskommune

I lag med midlar frå staten, vil løyving frå fylkesutvalet gi grunnlag for å starte sikring av Trollstigen så snart som råd

Arbeid med skredsikring av Trollstigen startar

Nasjonal turistveg Trollstigen skal sikrast mot skred. Regjeringa har løyvd 40 millionar kroner til arbeidet, noko som gjer at ein raskt kan kome i gong med tiltak. Dette skriver Møre og Romsdal Fylkeskommune i ei pressemelding.

Arbeidet med skredsikringa skal gjerast i fleire fasar. Møre og Romsdal fylkeskommune er vegeigar på strekninga, og startar med sikring av ei avskjeringsgrøft i Trollstigen. Dette arbeidet gjer fylkeskommunen gjennom driftskontrakta. kor Veidekke er entreprenør.

- Avskjeringsgrøfta på toppen av Trollstigen går vi gang med allereie i sommar, seier Solgunn Langlo, prosjektleiar i Møre og Romsdal fylkeskommune.

- Neste del av arbeidet er fjellrensk- og sikringsarbeid i fjellsida Kjelstadlinja. Dette er no lyst ut på anbod.

Kjelstadlinja er eit område midt i Trollstigen der fjellet har blitt meir og meir laust dei siste åra. Når regjeringa bidreg med 40 millionar kroner blir det mogleg å gå i gang med strakstiltak for å sikre vegen mot skred. I tillegg har Fylkesutvalet vedteke å bidra med ei restfinansiering på 10 millionar kroner.

Stor risiko for skred

Trollstigen i Rauma kommune får besøk av rundt ein million turistar kvart år, og er viktig for turistnæringa i fylket. Fylkeskommunen avgjorde i juni at Trollstigen måtte stengast på grunn av gjentatte steinsprang og stor skredfare.

- Årsaka til stenginga er stor risiko for at nokon kan bli treft av steinras, seier Langlo.

- Fjellet må vere tilstrekkeleg sikra før vegen kan opne igjen.

Fylkeskommunen har som mål og kunne opne Trollstigen i turistsesongen i 2025, dersom alt går etter planen og det ikkje dukkar opp noko uforutsett i fjellet

Powered by Labrador CMS